Folk veit lite om hjernehelse

Foto: Yay Images.

Folk veit lite om hjernehelse, men vil vite meir, skriv Folkehelseinstituttet (FHI). Folk tenker ikkje på si eiga hjernehelse og er usikre på korleis dei skal ta vare på ho, viser ein ny studie i Lifebrain-prosjektet ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo.

Ein sunn hjerne er viktig for generell helse og velvære, og for å hindre nevrologiske sjukdommar som Parkinsons sjukdom, demenssjukdommar og hjerneslag. Hjernehelse handlar om å ha ei sunn hjerne gjennom livet.

I studien vart 44 deltakarar frå ulike europeiske land grundig intervjua om kva tankar dei hadde om hjernen og hjernehelse.

Funna i studien viser at dei fleste deltakarane ikkje var kjente med kva hjernehelse inneber, og at dei ikkje tenkte bevisst på si eiga hjernehelse. Dei gjorde heller ikkje noko bevisst for å ta vare på hjernehelsa.

Studiedeltakarane var interesserte i å ta hjernehelsetestar for å lære om sin personlege risiko for å utvikle hjernesjukdommar, og var villige til å sette i verk tiltak for å halde oppe hjernehelsa dersom dei fekk skreddarsydd oppfølging , og dersom tiltaka hadde ein påvist effekt. Dei ønskte òg meir informasjon om hjernehelse.

Desse resultata er i tråd med resultat frå andre studiar som har vist at mange kan vere klar over kva som hjelper dei til å ta vare på hjernen, men at dei har behov for detaljert rettleiing om kva dei bør gjere i praksis.

Hovudforskaren til studien, Isabelle Budin-Ljøsne frå Folkehelseinstituttet, meiner publikum treng skreddarsydd informasjon om kor viktig hjernehelse er, og korleis ho kan haldast ved like.

– Éin av tre vil utvikle ein hjernesjukdom i framtida. Det er derfor avgjerande å gi menneske kortfatta, praktisk og kunnskapsbasert informasjon om korleis dei kan vedlikehalde ein sunn hjerne, seier ho.

– Til dømes kan tilgang til sportsaktivitetar og sosiale eller kulturelle aktivitetar oppmuntre folk til å ta betre vare på hjernen sin, legg ho til.

Studien omfatta djupneintervju av  44 vaksne deltakarar som allereie var rekrutterte til hjerneforskingsstudiar i Noreg, Tyskland, Spania og Storbritannia. Ingen av deltakarane hadde ein diagnose på hjernesjukdom.

Studien undersøkte deltakarane sitt syn på hjernen og hjernehelse, interessa for å vedlikehalde ei sunn hjerne, viljen til å lære meir om personleg hjernehelse og kva tankar dei hadde når det gjaldt å fremme god hjernehelse og forhindre utvikling av hjernesjukdommar.

Resultata frå denne studien inngår i utviklinga av ei global hjernehelseundersøking – Global Brain Health Survey – som er lansert for å undersøke kva for perspektiv menneske frå ulike delar av verda har når det gjeld hjernehelse. Undersøkinga er open for alle over 18 år, tar omtrent 15 minutt å fullføre og er for tida tilgjengeleg på 12 språk.

Resultata frå undersøkinga vil bli brukt til å utvikle brukarvennlege retningslinjer for betre hjernehelse.

Denne studien er ein del av Lifebrain-prosjektet, eit femårig forskingsprosjekt i Horizon2020-programmet til EU-kommisjonen, der Folkehelseinstituttet er med som partnar. Prosjektet kombinerer data frå 11 europeiske forskingsdatabasar for å utforske faktorar som påverkar hjernehelsa: miljø, sosiale forhold, arbeid og livsstil.

Kilde: Friedman BB, Suri S, Solé-Padullés C, Düzel S, Drevon CA, Baaré WFC, Bartrés-Faz D, Fjell AM, Johansen-Berg H, Madsen KS, Nyberg L, Penninx BWJH, Sexton C, Walhovd KB, Zsoldos E, Budin-Ljøsne I. Are People Ready for Personalized Brain Health? Perspectives of Research Participants in the Lifebrain Consortium.Gerontologist. 2019 Nov 4. pii: gnz155. doi: 10.1093/geront/gnz155. [Epub ahead of print]