Kommentar til kasuistikken:

«Kan okklusal overbelastning føre til tap av osseointegrasjon etter vellykket implantatinnsettting?»

Takk til forfattarane Eivind Strøm og Knut N. Leknes, for ein interessant artikkel, publisert i Tidende nr. 11, 2017. Der er mange gode innspel og fine vurderingar som eg kan vere samd i. Spesielt er der mange gode protetiske vurderingar og eg er også einig i den tydelege kritiske holdninga til «copy-cat»-produkt. Denne kasuistikken viser dessutan på ypperleg vis korleis feilplasserte implantat fører til ugunstige protetiske konstruksjonar og i enkelte høve til eit svært uheldig resultat, som i dette tilfelle.

Det eg derimot stussar litt på, og svært gjerne tar ein diskusjon på, er fenomenet overbelastning. Som forfattarane skriv er det ikkje heilt einighet om overbelastning fører til beintap rundt implantata. Ein referanse eg har holdt meg til er Naert et al (1) som seier at store okklusale krefter kombinert med plakk fører til beintap, men uten plakk fører kreftene ikkje til beintap. Som forfattarane i denne kasuistikken skriv, det er ikkje einigheit. Men la meg filosofere litt rundt omgrepet «overload». I dette tilfelle er tanna ikkje i okklusjon, det er kontrollert med blåpapir. Og det er slik vi gjer det, ei implantatretinert krone må vere så vidt ut av bittkontakt ved okklusjon og artikulasjonsrørsler. Når er det då overbelastning? Tygging av mat er einaste sjansen. Bittkontakt ved tygging utgjer om lag 15 - 20 minutt i løpet av døgnet, det er ikkje mykje. I dette tilfelle er festetapet forklart med fraktur i beinet, og endringar på røntgen særleg mesialt på grunn av lateral belastning. Som protetikar tenker eg at ved lateral belastning må det då kome kompresjonsbelastning mesialt og strekkbelastning distalt. Kva kan vere mekanismen bak dette beintapet når det er to ulike belastningar på beinet? Og over kort tid per døgn? Ei drøfting kring dette temaet vil vere interessant.

HaraldGjengedal 

Førsteamanuensis, Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, UiB

Naert e al. Occlusal overload and bone/implant loss. Clin Oral Implants Res. 23(Suppl. 6, 2012/95 - 107