Røyking påverkar resultat av periodontal behandling

Dagmar Fosså Bunæs disputerte den 24. februar 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Outcomes of periodontal therapy in smokers and non-smokers with chronic periodontitis».

Det er kjent at røykarar er meir utsette for periodontal sjukdom enn ikkje-røykarar og at dei responderer dårlegare på periodontal behandling. Korleis røyking påverkar resultat av periodontal behandling blei undersøkt i denne studien. I doktorgradsarbeidet har Dagmar F. Bunæs behandla 80 pasientar med moderat og avansert kronisk periodontitt, 40 røykarar og 40 ikkje-røykarar, og samanlikna resultata for dei to gruppene. Pasientane fekk utført ikkje-kirurgisk og kirurgisk periodontal behandling og periodontal støttebehandling i 12 månader.

Resultata viste at røyking meir enn dobla risikoen for at ei periodontalt sjuk flate ikkje blir frisk etter behandling og femdoblar risikoen ved einrota tenner i overkjeven. Dentalt plakk var ein sterkare negativ faktor for dårleg tilheling hos røykarane og indikerer at god munnhygiene er særleg viktig hos røykarar. Ein annan observasjon i studien var at manglande respons på behandlinga hadde sterkare samanheng med høge målingar av kotinin (metabolitt av nikotin) i blodet enn sjølvrapportert røykemengde. Dette kan forklarast med ei mogleg underrapportering av røykedose særleg hos storrøykarar. Vidare viste storrøykarar ein dempa lokal inflammasjon i gingival vevsvæske utan nokon inflammatoriske responsar som følgje av behandlinga. Dette i motsetnad til funna hos ikkje-røykarar der inflammasjonen spegla dei kliniske resultata.

Resultata frå doktorgradsarbeidet understreker behovet for ei grundig kartlegging av røykevanar ved planlegging av periodontal behandling, at røykarar har ein lågare toleranse for dentalt plakk og at reduksjon av røykedose under behandling kan bidra til eit godt resultat.

Personalia

F17-04-017.eps

Foto: Jørgen Barth, UiB.

Dagmar Fosså Bunæs (f. 1971) er utdanna tannlege og spesialist i periodonti frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som dobbelkompetansekandidat sidan september 2011 og er no tilsett som overtannlege ved Seksjon for periodonti, Institutt for klinisk odontologi, Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet har vore professor Knut N. Leknes og medrettleiarar professor Kamal B. Mustafa og professor Anne N. Åstrøm.