Farvel til ein Oslo-praksis

F14-06-071.eps

Bjørn, Finland. Foto: Tor Arne Vinje

Ja.

Det var det.

Eg stengjer sakte døra.

No har eg trekt mi siste visdomstann.

Her har eg møtt så mange rare vanskar.

Eg prøvde då å hjelpe

det eg vann.

Eg fylte fyrste tann i nittenseksti.

Eg minnast stunda som var det i dag.

Eg hugsar frøken Berg i rutet kjole.

Så tillitsfull og grei.

Vi var på lag.

Så måtte mine eigne tenner vølast.

Eg fekk inn berre gull og det var bra.

For gullet vil visst fylgje meg i grava.

Eg fekk nok alt det beste

som dei sa.

Eg hadde gode år i Groruddalen.

Eg bygde opp ein praksis

tann for tann.

Og det var bra å «bu» i

Geitmyrsvegen,

og kjenne gleda over det

ein fagmann kan.

Men tida går

og livet vart så stutt.

Eg skulle helst ha samla solskinsdagar

og arbeidt i ein praksis

utan slutt.

HelgeÅrøen 

Tannlege (Oslokullet, 1963)