Johnny Grøthe:

Kulturendringar og tannhelseproblem

Også for norske utvandrarar til Amerika?

Frå midten av 1800-talet og til eit stykke ut på 1900-talet utvandra mange nordmenn til Amerika, i 1910 var det omlag 400 000 norskfødte i USA. Dei kom til ein noko annleis kultur og andre matvaner enn dei kjende frå heimlandet. Tilhøva dei kom frå i Norge, oftast bygdesamfunn, hadde eit stort innslag av naturalhushald; norske gardar produserte mesteparten av maten sin sjølve. Kjøt, mest av sau, vart salta eller turka, ferske grønsaker var det lite av, og kornet var grovt. Matsetelen var stort sett den same dag ut og dag inn; berre høgtider som jul kunne by på godbitar som kaker.

I Amerika vart kosthaldet basert på meir ferske matvarer, både av kjøt og mjølvarer. Kjøt av storfe – biff – og svinekjøt, ja endåtil kylling, og ferskt bakverk av fint mjøl kom på bordet kvar dag, ja endåtil søte kaker til kvardags. At slike endringane i kosthaldet kunne gje tannhelseproblem, kom truleg overraskande på dei fleste, lite vane som dei var med å gå til tannlege og med lite kunnskap om tannhelse.

Fjernkulturelle pasientar i Norge • Norske tannlegar som i dag behandlar pasientar frå framande kulturar, veit at deira problem med tannhelse endrar seg mykje etter å ha brukt norsk mat og norske matvaner ei viss tid. Frå sine heimland har dei vore vane med å rå med sine tenner og si munnhygiene på ein annan måte enn me gjer og har røynsler med. Dei problema endringane i matvaner fører med seg, kjem ofte like overraskande på dei som slike endringar kom for nordmenn som utvandra til Amerika.

Eg har ikkje røkt etter, men truleg finst det få eller ingen vitskapelege undersøkingar om tannhelse og kosthald hjå norske innvandrarar i Amerika. Der me kan få vita noko, er i munnlege og skriftlege kjelder frå dei som emigrerte. Fordi det ikkje finst undersøkingar som kan belyse tannhelsa på meir generell basis, nyttar eg ein utvandra slektning som døme, det kan vel vera noko typisk. Dette er difor berre meint som tidtrøyte ein sumardag og som glimt frå ein annleis tannlegeverden.

Biletet syner salonen i Kindred slik den såg ut for om lag eit hundre år sidan. Tenk deg at tannlegen sit i spelkortlag ved bordet og at ein gutunge dristar seg bortåt bordet og ber om få sett på ei vond tann: – Hey kid, can’t you see I am busy!? OK, go over to my office, sit down and wait, I’ll be there when I finish this hand. And don’t touch anything! Just sit there and wait!

Ikkje plass åt deg! • For eit hundre år sidan i år reiste grandonkelen min, Svein Grøthe, ein bror av mi mormor, frå Hemsedal til Nord-Dakota. Etter han finst det eit stort omfang informasjon, her kan me også finne noko om tenner og kosthald. Han var født i 1882 og var yngst i ein syskenflokk på ni. Då Svein var 16 år gamal, hadde far hans ei alvorsam samtale med han og fortalde at når han vart 18 år gamal måtte han forlate garden, som gut nr. 3 var det ikkje plass åt han om han så ville arbeide gratis. Anna arbeid var det ikkje å få i bygda, i byane var det også smått om arbeid, så faren rådde Svein til å reise til Amerika. Det gjorde han 20 år gamal, og såg aldri fødelandet sin att; planar om ein tur heim vart utsett, han gifta seg, born kom til verda, andre ting kom i vegen, foreldra døydde, og til slutt vart tanken for fjern.

Dei fleste emigrantane frå Norge vart farmarar i Amerika, men Svein hadde teke hand om smed- og snikkararbeidet på garden, så han fekk seg smedverkstad i Kindred, ein liten tettstad på 400 – 500 innbyggjarer. Svein gifta seg med ei gjente født i Amerika av foreldre som utvandra frå Toten, dei fekk ni born, seks av dei lever framleis. Av sonen Osborne har eg fått dei opplysningane om livet i Amerika for dei tidlege innvandrarane, og som eg har brukt her.

Nye matvaner • Det Svein merka mest av endringar i levemåten – ved sida av at det var meiningsfylt og interessant arbeid å få – var endringane i kosthaldet. Han budde dei fyrste åra på ein gjesteheim driven av syskenbarnet sitt og kona hans som også var av norsk ætt, men født iAmerika. Ho hadde i sitt kjøkenarbeid teke med seg det beste av både norsk og amerikansk matlaging. Svein merka med ein gong det auka innslaget av meir ferske matvarer og ferskt bakverk av fint mjøl kvar dag. I samanlikning med det han var van med, var det festmat kvar dag!

Det var vanleg at folk i tettstaden gjekk på den lokale kafeen to gonger om dagen, klokka 10 og klokka 15, då tok dei ein kakebete og kaffe. Til kaffen tok dei alltid sukkerbitar, ein ekstravaganse! På butikken var det søtsaker å få kjøpt og dei hadde råd til å kjøpe det, også ulikt frå i Norge. Selma, ho som Svein seinare gifta seg med, arbeidde i butikken til far sin. Ho fortalde at ho ofte tok seg litt søtsaker, i alle fall i kaffepausene.

Alt dette gjekk nok hardt ut over tennene, og dei fleste immigrantane hadde truleg aldri vore til tannlege før dei reiste frå Norge. Som Svein trudde vel dei fleste at dei hadde bra tenner. Frå Norge var dei vane med at problema som dukka opp, måtte bøtast på som best råd var, mange soger går om smedar og andre sjølvlærde «tannlegar» som gjorde så godt dei kunne.

Ingen tannlege iKindred • Det var ikkje tannlege i Kindred dei fyrste 20 åra etter at folk byrja å busette seg der så dei laut reise til den mykje større grannebyen Fargo, og dit var det 4 mil med hesteskyss. Den turen tok dei ikkje utan at det var strengt naudsynt. I Kindred hadde dei ein parallell til smed-tannlegane iNorge, det var ein dyrlege – hestedokteren kalla dei han – og han hadde ry på seg for å vera flink til å trekkja tenner. Det gjekk også ord om at ein «tøff» halling trekte tenner på seg sjølv.

Omkring 1898 kom ein fransk-kanadisk tannlege frå Montreal til Kindred, det var ikkje uvanleg at folk med utdanning kom for å sjå korleis livet var der «West». Men framleis var det trekking det gjekk på, det var ikkje mykje snakk om å reparere tennene, dette gjaldt også for borna.

«George is a drunk, but he is a good dentist!» • Seinare kom ein norskætta tannlege, ein Westland, til Kindred. Osborne fortel at då han som gutunge fekk tannpine, ba far hans han gå og finne tannlegen. Det var ikkje alltid han var på kontoret sitt; det var ein «saloon» tvers over gata for tannlegekontoret, og tannlegen var like ofte der. Alt frå tidleg på formiddagen var det nokre mannfolk som dreiv med kortspel, noko å drikke fekk dei nok også. Tannlegen var ein av desse, og Osborne vart fortald at han måtte gå og finne tannlegen på «saloonen»:

«Now, if the dentist is not in his office, you go across the street, and get him out of his card game. Do not be afraid … you GOINTHERE … he shouldn’t be there anyway».

That was a tough thing to do for a little kid, the saloon was forbidden territory anyway for kids, but to interrupt a card game with all these men! When I stood by him and asked, he wouldn’t even look up, from his game; he finally would say:

«Okay, kid, get over there and sit down, I’ll be along in a while».

And sometimes I wished he would never show up, so I could go home. We kids considered that dentist office to be a torture chamber … and it really was not good. It was not clean, it had litter you could notice … and so bad lit … you would wonder how he could see to do his work! But all the adults used to say:

«Yes, George is a drunk, but he still is a good dentist … there is no one as strong as him … he has such strong hands and arms, he can pull out that tooth much faster than the average man!»

Denne tannlegen var av den fyrste generasjonen immigrantar som fekk høgare utdanning i Amerika. Etter at han døydde i 1940-åra, kom det ingen ny tannlege tilKindred, tilhøva var vel så små at det ikkje freista nokon til å slå seg ned der. Vegsambandet medFargo vart også mykje betre, likeins bilane, og krigen endra folks vaner, dei vart meir vane med å reisa til byen.

Men tennene til den fyrste generasjonen immigrantar gjekk det heller dårleg med. Dei enda som oftast opp med heilproteser frå omkring 50-årsalderen. Slik vart dei vel innhenta av den same lagnaden som deira jamaldringar heime i Norge, sjølv om immigrantane på andre måtar – visseleg etter ei tid – fekk eit betre liv enn dei ville ha fått i Norge!