Sjukefråværet på OD er nesten dobbelt så høgt som gjennomsnittet på UiO

Foto: Uniforum
Det er det legemelde sjukefråværet som går mest opp på Det odontologiske fakultetet, skriv universitetsavisa Uniforum i mars.
– Me vil ta det på største alvor og sjå nærare på grunnen til det, lovar fakultetsdirektør Karen Marie Ulshagen. Dei tillitsvalde peikar på fleire årsaker til sjukefråværet.
Talet for sjukefråvær ligg på 8,13 prosent blant alle dei tilsette på odontologi i 2025, medan talet var på 4,76 prosent i gjennomsnitt for alle UiO- tilsette. Det er også høgare enn det generelle sjukefråværet i Noreg som låg på 6,57 prosent i desember 2025. Då var det ein nedgang på 2,7 prosent frå året før.
– Det eigenmelde fråværet er ikkje høgare hos oss enn hos andre på UiO eller i Noreg. Det er det legemelde fråværet som er gått opp, understrekar Ulshagen.
Ho varslar også at fakultetet vil sjå på om det er grupper av arbeidstakarar som har større problem enn andre. Etter hennar oppfatning kan også ting som har skjedd på arbeidsplassen, vera medverkande til det høge talet på sjukefråvær.
– Me har vore i ein situasjon med vanskeleg økonomi som me no har fått i balanse. Ein del stillingar er det ikkje sett nye folk i, og då blir det meir krevjande for dei som er igjen. Ingen er sagt opp. Me vil setja inn vikarar raskare der det er høgt fråvær, lovar ho.
Fakultetsleiinga vil også samarbeida med andre for å få gjort noko med sjukefråværet.
– Me har løpande samarbeid med hovudverneombodet på OD pluss lokale verneombod. Denne saka blir drøfta med tillitsvalde og med LAMU (lokalt arbeidsmiljøutval). Me set i gang arbeidsmiljøundersøkingar i tillegg til ARK. Me vil finna ut om det er andre faktorar som kan forklara sjukefråværet, fortel ho.
Fagforeiningane ved Det odontologiske fakultetet, Norsk tjenestemannslag (NTL i LO), Akademikerne og Forskerforbundet er samstemmige i at grunnen til det høge sjukefråværet kan ha noko å gjera med dårleg økonomi, endringar i bemanninga og måten OD er organisert.