NTF si tariffkonferanse 2023

Birgit HjorthKollevold 

Nestleder

Christiane HowlidDale 

Styremedlem, på vegne av SF

9.–10. mars var det duka for årets tariffkonferanse på Gardermoen. Tradisjonelt sett har denne konferansa hovudvekt på det komande tariffoppjeret. I år derimot, vart det brukt mykje tid på det store spørsmålet: «Framtidas tannhelseteneste – korleis skal/kan den sjå ut?»

Gruppearbeid.

Foto: Tonje Camacho.

På tariffkonferansa møtast tillitsvalde frå offentleg sektor – det vere seg representantar frå den offentlege tannhelsetenesta i kvart fylke, forsvaret, kompetansesentra, universiteta og helse. I år samlast om lag 30 av desse, i tillegg til representantar frå sekretariatet, valgkomiteen, president og SF (Sentralt forhandlingsutvalg).

Bakteppet for årets lønsoppgjer

Sett i lys av «dyrtida» som vi er inne i, er det knytt stor spenning til det komande lønsoppgjeret. Når ein oppsummerer prisvekst og lønsoppgjera for 2022, ser ein at kjøpekrafta er gått kraftig ned i og når ein les at konsumprisindeksen( KPI) pr. januar 2023 er på heile 7,0 %, så merkar nok langt dei fleste at lommeboka er blitt slunknare. Tradisjonelt har ein i Noreg følgt den såkalla Frontfagsmodellen, der konkurranseutsett industri legg føringar for lønnsdanninga i landet. Når ein summerer opp fjoråret, så viser det seg at offentleg sektor er meir lojal mot denne, enn frontfaget sjølv. For i industrien viste det seg at funksjonærane i industrien, fekk eit langt betre resultat enn industriarbeidaren.

I oppstarten av konferansa, fekk dei tillitsvalde landet rundt, god tid til å presentere seg og sine utfordringar i eige fylke/verksemd. Ein gjengangar var utfordringar knytt til rekruttering og stabilisering. I fleire av fylka jobbast det aktivt med dette mellom anna ved å sjå på klinikkstruktur og omorganiseringar. Fleire fylker er også i «skilsmisseprosess» – etter å ha brukt fleire år på samanslåing. Eit stort spørsmål som gjekk igjen, er på kva nivå tannhelsetenesta skal plasserast i dei nye organisasjonskarta til fylka?

Frå universiteta rapporterast det om kraftige kutt og svært mange ulike oppgåver på få tilsette. Rapportane derifrå var bekymringsverdige og dette må bli tatt på alvor og løftast opp. Knapt med ressursar til stipendiatar og til forsking.

På veg mot framtidas tannhelseteneste

Det var sett av eindel tid til gruppearbeid med dei store spørsmåla:

  1. Auka offentleg finansiering – korleis, kva tenester og til kven?

  2. Organisering – kven skal levere tenestene? Kva er utfordringane? Kva er fordelane?

Som ei innleiing til gruppearbeidet, gav Christian P. Fjellstad, frå sekretariatet, deltakarane ein kort intro til det politiske landskapet med gjennomgang av dei ulike nivå i staten. Kva er helse- og omsorgsdepartementet sine overordna oppgåver? Kva er helsedirektoratet si oppgåve? Camilla H. Steinum snakka om NTF sitt arbeid opp mot tannhelseutvalget og om status i tannhelsetenesta pr. i dag. Policydokumenta til NTF er førande for jobben opp mot departementa. Det er viktig med samhandling mellom dei ulike forvaltningsnivå. Gruppene vart oppmoda om å løfte blikket og rive seg laus frå slik vi er organisert i dag. Kva er det beste om ein skulle ha starta med blanke ark?

Utfordringa til samtlege grupper, var nok å prøve å tenkje nytt. Det er vanskeleg å lausrive seg frå erfaringa – både positivt og negativ- om korleis vi har og er organisert i dag. Eit felles synspunkt, var at ein må ta med seg det som ein opplever fungerer godt, inn i eit nytt system, ei ny organisering. Pr. i dag har kanskje ikkje tannhelsetenesta funne sin rette plass. Verken i primærhelsetenesta eller i spesialisthelsetenesta – kvar ønskjer vi å vere?

Engasjementet i gruppene var stort og ein kunne nok ha heldt på i fleire dagar om ein hadde tid til det. Dette er ein oppstart på ein prosess som kjem til å ta tid, men det er viktig at medlemane – både tillitvalgte og ordinære medlemer, engasjerer seg i denne prosessen. NTF sentralt har behov for alle innspel for å vere klare med argumenta når politikarane skal ta sine avgjerdsler.

President Heming Olsen-Bergem kom mot slutten med informasjon frå Houvdstyret. Det jobbast sjølvsagt mykje med arbeidet opp mot tannhelseutvalget, og det at vi manglar eindel tannhelsedata på kva ein eigenteleg driv med tannhelsetenesta (både offtenleg og privat), er utfordrande. Her trengs det meir kunnskap.

Presidenten understreka også at NTF ikkje berre er ei fagforeining, men også ei profesjonsforeining. Vi er opptekne av tannlegane, faget og pasientane.

Farshad Alamdari, leder Sentralt forhandlingsutvalg.

Foto: Kristin Aksnes.

«Gjør kloke valg» kampanjen kjenner medlemmane godt til – kloke valg i pasientbehandling, men det er også viktig med kloke valg i forhold til framtidas tannhelseteneste. Kva kloke valg må vi ta i denne prosessen for å sikre alle innbyggarane i landet tilgang på gode, fungerande tannhelsetenester som støtter opp om NTF sin visjon: «dyktige og tilfredse medlemmer med fornøyde pasienter i en befolkning med god oral helse»?

Oppsummering

SF leiar Farshad Alamdari avslutta det heile med å takke dei tillitsvalgte så langt for innsatsen. Ein er i startgropa rundt temaet«framtidas tannhelseteneste», og temaet kjem til å bli drøfta fleire gonger når dei tillitsvalde møtast.