HPV-test, nå også for kvinner under 34 år

Om lag 300 kvinner blir ramma av livmorhalskreft i Noreg kvart år.

Alle kvinner frå 25 år og oppover skal frå 2023 få tilbod om HPV-test når dei deltek i det nasjonale screeningsprogrammet mot livmorhalskreft (Livmorhals­programmet).

Endringa inneber at ein går frå celleprøve (cytologisk vurdering av livmorhalsprøven) kvart tredje år, til HPV-test kvart femte år for kvinnene i alderen 25-33 år.

– I dei siste åra har det vore ein aukande førekomst av livmorhalskreft i Noreg, særleg blant yngre uvaksinerte kvinner. Innføring av HPV-screening til kvinner frå 25-årsalderen kan redusere talet på krefttilfelle i aldersgruppa 25-33 år med opp til 44 tilfelle av dei rundt 50-70 tilfella vi har i denne aldersgruppa per år, seier Torunn Janbu, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Livmorhalskreft kjem av Humant Papillomavirus (HPV). HPV er eit svært vanleg virus som smittar ved intim kontakt.

For kvinner frå 34 år og eldre har det frå 2015 vore ein gradvis overgang frå å sjekke livmorhalsprøven ved å sjå på cellene i mikroskop til å teste for HPV. Frå 2022 har alle kvinner mellom 34-69 år fått HPV-test når dei har tatt livmorhals­prøve.

Kvinner i aldersgruppa 25-33 år har til nå fått livmorhalsprøven analysert i mikroskop (cytologisk vurdering).

Grunnen til at HPV-test ikkje har vore eit tilbod til unge kvinner tidlegare, er den høge HPV-førekomsten i denne aldersgruppa, som kan føre til overbehandling.

For å unngå overbehandling ved innføring av HPV-testing til dei yngste kvinnene, blir det nå innført målretta tiltak, slik som til dømes eit betre tilpassa oppfølgingsløp. HPV-vaksinen, som blir gitt til jenter i barnevaksinasjonsprogrammet, vil også redusere antal kvinner som blir overbehandla.