NOAT-møte

ChristianeHowlid Dale 

Frå Noreg deltok Farshad Alamdari, John Frammer, Birgit Kollevold, Anne Gussgård, Øivind Ellingsen og Christiane Howlid Dale. Frå Sverige kom Chaim Zlotnik, Gunilla Carlsson og Susanna Magnusson, og frå Danmark kom Valdemar Weimar Hein. Heming Olsen-Bergem var òg innom på dag ein og fekk helse på våre kollegaer.

20.-21. juni vart omsider møtet mellom dei nordiske offentlege ansatte tannlegar (NOAT), avholdt. SF (Sentralt forhandlingsutvalg) skulle opphavleg ha vore vertar for dette møtet i 2020, men grunna pandemien, vart dette utsett.

Møtet vart holdt på idylliske Lysebu hotell i Holmen­kollen som skapte ei flott ramme rundt møtet.

Mellom temaene vi tok opp, var mellom anna akuttberedskap/vaktavtalar, erfaringar frå pandemien, ulike organisatoriske spørsmål, kva fokus tannhelse har i dei politiske diskusjonane i dei ulike landa samt utdanning og arbeidsmarknad.

Vi var òg innom korleis løns- og arbeidsvilkåra er i dei ulike skandinaviske landa – og jammen rakk vi ikkje å sneie innom pensjon også!

Vi erfarer at desse tre landa har mykje til felles, på fleire områder har vi gått for liknande løysingar, medan på andre områder er det til dels store skilnader. Tannhelsefagleg er vi i same båt der tannhelsa generelt er god i alle dei tre landa, men vi deler utfordringa over at ein kanskje ikkje alltid når dei «svake gruppene» i systema som er etablerte i landa.

Det vil bli spanande å føljge kvarandre vidare i åra som kjem, og opplevast som svært nyttig å dele dei ulike erfaringane.