Kan komme tannklinikk på universitets­området

Tannhelse Rogaland vurderer ein tann­klinikk i dei nye lokala til Studentsam­skipnaden på Ullandhaug i Stavanger. Nyleg vedtok Stortinget at unge som fyller 21 og 22 år i behandlingsåret, får halv pris på offentlege tannklinikkar. Dette gjer det meir aktuelt med ein tannklinikk på

– 21- og 22 åringane får berre rabatt hos offentleg tannhelseteneste, og det er derfor viktig at det er Tannhelse Rogaland som etablerer seg på campus. Ein tannklinikk vil òg styrke studentmiljøet. Det sa fylkes­ordførar Marianne Chesak i fylkesutvalet 21. april då politikarane vedtok å sjå nærare på ein ny tannklinikk på Ullandhaug.

Studentsamskipnaden (SiS) skal bygge eit aktivitets- og helsehus for studentar, der det er mogleg å åpne ein ny tannklinikk. Bygget skal blant anna romme helsetenester som lege, psykolog, samtaleterapeutar og helsesjukepleiar. Helsesenteret er planlagt ferdig til studiestart i 2024.

Regjeringa har signalisert i Hurdals­plattformen at dei på sikt ønsker å utvide tilbodet med billigare tannhelsetenester for unge opp til 25 år. Dette kan bety fleire pasientar i den offentlege helsetenesta. I Rogaland er det 11.500 personar som fyller 21 eller 22 år i 2022. Halvparten av desse er framleis pasient hos Tannhelse Rogaland. 13 215 studentar starta på Universitetet i Stavanger hausten 2021.

Fylkestannhelsesjef Pernille Lysaker meiner det er ei utfordring at mange studentar droppar tannlegebesøket. Ho trur ein tannklinikk på universitetsområdet vil bidra til å endre det.

– Nå kan vi tenke nytt om korleis ein tannklinikk kan samlokaliserast med andre helsetenester. Det kan gi god erfaring og kunnskap om korleis ulike tenester kan samarbeide, seier fylkestannhelsesjef Pernille Lysaker.