Livsvitskap får god karakter

Universitetet i Oslo skal føra vidare forskingssatsinga på livsvitskap fram til 2025. Det vedtok universitetsstyret 5. mai, skriv Nettavis for Universitetet i Oslo, Uniforum.

– Det viktigaste me kan læra er å fylgja tilrådinga den internasjonale gruppa føreslår når det gjeld å få utvikla dei tverrfaglege konvergensmiljøa endå meir, seier direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO:Livsvitskap i ein kommentar til evalueringsrapporten. 

Bakgrunnen for vedtaket er ei internasjonal evaluering som trekkjer fram at SPARK-Norway-programmet er den viktigaste innovasjonen livsvitskap står bak. Dette er eit nyskapingsprogram der forskarar som har innovasjonsprosjekt med kommersielle sjansar, kan få oppfylging og hjelp til å byggja opp eit nettverk i løpet av to år. Tverrfagleg utdanning er førebels på planleggingsstadiet, og det har heller ikkje kome heilt i mål når det gjeld tverrfagleg samarbeid, går det fram av evalueringa. 

Det er likevel nok til at universitetsdirektøren bad universitetsstyret om å vedta å forlengja satsinga på livsvitskap til 2025. Og det gjorde universitetsstyret.

Den internasjonale evalueringsgruppa var sett saman av finske og britiske forskarar som alle har godt ord på seg i fagområdet livsvitskap.

Evalueringsgruppa uttrykkjer at den er svært imponert over målet om at livsvitskap skal ha med seg alle miljø frå teologi, jus, og filosofi i til medisin og naturvitskap.  Samtidig peikar dei på at når det gjeld praksis så viser det seg at dei vitskaplege artiklane som blir publiserte, som regel kjem frå dei medisinske og naturvitskaplege miljøa.  Men den har registrert at det er ei haldningsendring når det gjeld viljen til å samarbeida og forska på tvers. På den positive sida viser gruppa også til at dei som held på med livsvitskap driv eit godt nettverksarbeid og at det etter kvart vil få positive resultat når det gjeld å få til konvergensmiljø, det vil seia forskingsmiljø som smeltar saman. 

Det som gruppa trekkjer fram som det mest vellykka i satsinga på livsvitskap på UiO så langt, er SPARK Norway. Dette er eit nyskapingsprogram der forskarar som har innovasjonsprosjekt  med kommersielle sjansar kan få oppfylging og hjelp til å byggja opp eit nettverk i løpet av to år. Dei får også utbetalt ein halv million i året i dei to åra etter kvart som dei når viktige milestolpar i prosjektet. Så langt har 23 prosjekt kome i gang, og dei første ni avslutta programma sine i mars i år. Evalueringa viser at deltakarane i hovudsak er svært nøgde med programmet. Likevel meiner gruppa at dei ulike rollene i programmet må bli klarare. Dessutan peikar dei på at mentorane og det globale nettverket kan bli utnytta endå betre enn i dag.. Dei meiner at dei vanlege møteplassane må halda fram med å vera dynamiske og bli reviderte og betra. 

Eit anna positivt trekk dei har funne er at dei som deltar i programmet har blitt endå meir opne for å satsa på ein karriere som entreprenørar eller grunnleggjarar av nye selskap i staden for berre å kunna tenkja seg ein akademisk karriere. Evalueringa viste også at mesteparten av dei bruksretta funna, kom gjennom grunnforsking og nyfiknedriven forsking.  Dei synest at det viktig å satsa vidare på den delen av forskinga saman med innovasjonsforsking.  Dei meiner at UiO: Livsvitskap har potensial i seg til å gjera nettopp det.

Dei viser til at det er stor interesse for forsking hos folk flest, og at forsking med samfunnsrelevans er ikkje berre den som møter medisinske behov, men også den som stimulerer hjernen. «People are hungry for understanding», understrekar dei, og meiner altså at folk er svoltne på å forstå ting.

Evalueringa peikar på at det nettopp er satsinga på å etablera konvergensmiljø og satsinga på SPARK som utgjer mesteparten av kostnadane til UiO: Livsvitskap med høvesvis 58,3 prosent og 14,3 prosent. Andre område som tverrfagleg undervisning, studentinnovasjon og kommunikasjon og utoverretta verksemd utgjer til saman 2 prosent av dei samla utgiftene til satsinga.