Vaksineanbefalingar og andre råd

F19-06-03.eps

Foto: Yay Images.

Ei kvinne døydde ved Førde sentralsjukehus etter rabiessmitte 6. mai. Ho fekk rabies etter hundebit under opphald i Søraust-Asia. I lys av saka minner Folkehelseinstituttet om råd ved reise til utlandet.

Vaksinasjon mot rabies er aktuelt for reisande til område der det er førekomst av rabies, og der medisinsk behandling ikkje er raskt tilgjengeleg. Vaksinasjon er spesielt aktuelt for barn, da dei kan tenkast å få kontakt med rabiessmitta dyr utan at foreldra veit om det. Rabies finst i dei fleste land utanom Norden. FHI rår derfor reisande til å ikkje ta kontakt med dyr under reisa.

Skulle du likevel bli bitt eller klort, eller slikka på sår eller slimhinne, må du vaske og skrubbe grundig i minst 15 minuttar med såpe og rikeleg rennande vatn. Du skal straks oppsøke lege på staden der du er. Han/ho kan best vurdere faren for rabies og eventuelt raskt igangsette vaksinasjon. Dette gjeld også om du allerede er vaksinert.

I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å vaksinere seg før du reiser, men du må fortsatt søke helsehjelp raskt om du blir bite. Ved mistanke om rabiessmitte er det anbefalt også å ta vaksine i etterkant av kontakt med dyr, da dette vil gi det beste vernet mot rabiessykdom

Anbefalte tiltak om vaksinasjon vil variere med kva slags reise du skal ut på, kor lenge du skal vere borte og korleis helsetilstanden din er.

Folkehelseinstituttet gir råd om vaksine. Det er du sjølv i samråd med helsepersonell som tar avgjerda om kva slags vaksiner du bør ta før du legg ut på reise. Du kan få reisevaksine fleire stader avhengig av kor du bur, for eksempel hos fastlege, helsestasjon, reiseklinikk og andre. Dei kan hjelpe deg med å vurdere kva vaksiner du treng for den aktuelle reisa.

Fleire reiseråd kan vere aktuelle. God førebuing gir tryggare reise. I brosjyra «Gode råd for god reise» finn du blant anna også råd om førebyggande legemiddel, tips til utsette grupper og andre råd som er viktige både før, under og etter reisa.