Bøker på husmannens bord

F19-06-63.eps

Biletet er frå bygdemuseet i Velfjord i indre Sør-Helgeland. I den bygda levde 1867-1961 Martinus Olsen. Han var den siste husmannen i dette området.

Som mange - rike eller fattige - var han gripen av trong til kunnskap, av trong til innsikt i liv, samfunn, historie og vitskap.

Han var så gripen at stundom gjekk hardt inntent skilling heller til bok enn til mat. Ikkje lett å vera kone og barn, då.

I husmannsstova på bygdemuseet såg vi desse bøkene lagt fram på eit slite trebord, nett desse to frå boksamlinga som dekkjer halvannan vegg. Det er fredsprisvinnar (1905) Bertha von Suttner sin vidgjetne pasifistiske roman Ned med våpnene, og Dommen i Nürnberg.

I Nürnbergdomstolen (rettsoppgjeret mot dei nazistiske leiarane) vart den avgjerande tanken lagt til grunn: At vi har eit ansvar heilt til sist - same kva makt vi seier oss å vera underlagt. - Strengt. Ikkje til å bera, ofte. Men rettare enn at all lydnad gjer oss ansvarsfrie.

Dette ligg i sommarljoset ved vindauga i Velfjord.

Husmannen helsar oss på denne måten, og gjerne òg med Olav H. Hauge sine ord: «Ein veit aldri kvar ånd vaker».

Kven er husmann?

JogrimNordsletten