Insha'Allah

Av tannlege Johnny Grøthe

Korleis eitt og hitt går i framtida, veit me ikkje noko om. Me lyt berre vona at alt går bra. Å kalla på høgare makter for innverknad derifrå er det også mange som gjer.

F16-06-028.eps

I «gamle dagar», i alle fall i Hallingdal, sette folk si von til at dei skulle vera i stand til å gjera det dei prata om - «visst me leva o ha helsa», sa dei. Så fekk det stå til, alt overlete til det som vert kalla fatalisme. I innbydingar til kristelege møte vart det også ofte teke etterhald om at «om Gud vil» vert det halde møte på nærare oppgjeve tid og stad. Denne fatalismen finn me også i Bibelen. Kristendomen har sitt eige uttrykk for dette, «Deo Volente», det vart ofte brukt til slutt i eit brev, om at brevet måtte koma fram om Gud ville. Også i Jakobs brev i Det nye testamentet har noko med om dette, i 4: 15, der det står: ?«Om Herren vil, så får vi leva og kan gjera dette eller hitt».

Islamsk fatalisme

Insha'Allah er eit ofte nytta uttrykk i det arabiske språket. Det kan takast som eit teikn på arabisk fatalisme, men også som teikn på mjuklynde; ?«utan Allahs (Guds) vilje, kan ikkje mennesket». I praksis vert Insha'Allah nytta for å gje uttrykk for von eller ynskje om at ei hending noko inn i framtida skal verta røyndom: «Ho vinn valet i morgon, Insha'Allah». Sjølv om uttrykket vert nytta av både muslimar og kristne, har det sitt opphav i Koranen, i sura 18, vers 23 - 24: ?«Sei aldri om nokon ting: `Dette vil eg gjera i morgon' utan å leggja til - om Gud vil. Kom Herren i hug om du gløymer dette, og sei: `Det kan vera at Herren vil leida meg til noko som er nærare den rette vegen enn dette'.

Påbod til Muhammed

Dette påbodet vart visstnok gjeve av Gud til Muhammed då han mistok seg og gløymde å ta dette atterhaldet då han lovde nokre «heidningar» å fortelje at han dagen etterpå ville koma med ei fordjupning av ei soge om nokre menn som under keisar Decius vart forfylgde grunna si kristne tru og stengde inne i ei fjellhole der dei sovna og vakna fyrst 180 år seinare under keisar Theodosius II. Denne soga er meir kjend i islam enn i kristendomen, og i nokre kjelder er talet på menn i hola oppgjeve å vera sju, derifrå har me fått uttrykket «sjusovarar».

Gud (Allah) rår over alt og alle

Som den kristne Gud er også den muslimske Allah einerådande og allmektig. Den islamske skriftlærde Iba `Abbas tolka versa om Insha'Allah slik at det må vera påbode for ein muslim å leggja til Insha'Allah etter alle nemningar om kva han eller ho ynskjer å gjera i framtida, og nokre truande fylgjer denne tolkinga også i våre dagar.Uttrykket kan også verta brukt for å koma bort frå ei lite hugleg sanning, ei slags ansvarsfråskriving. Heller enn å seia rett ut at noko ikkje går bra, kan ein leggja saka i Guds hender ved å leggja til Insha'Allah. At Guds (Allahs) vilje rår over alt og alle ting vert også brukt når det skal forklarast for sørgjande foreldre at borna vert drepne av israelske bomber på Gaza-stripa. Om dette vert teke som ei god og truverdig forklaring, kan det vel vera ymse meiningar om.

JohnnyGrøthe