Tøff topptur på Loenmøtet

Av tannlege Kjetil Reisegg

Eg sette meg i bilen tidleg ein fredags morgon, kryssa Sognefjorden med 6-ferja og køyrde nordover mot Loen. Dei siste åra har eg vore fast deltakar på Loenmøtet. Der får eg fagleg og sosialt påfyll, og i år hadde eg tenkt å gje meg sjølv ei ekstra utfordring. Meir om det seinare.

F16-06-049.eps

To gutter frå Bærum såg irriterande uanstrengde ut på turen ned.

På veg langs Innvikfjorden svingte eg innom Ricco Vero sitt fabrikkutsal i Olden. Eg prøvde ein stilig dress til under halv pris, men køyrde vidare utan å shoppa. Då eg kom til Loen var professor Trond Inge Berge godt i gang med kurset. Eg kunne slå fast at eg var forseinka på grunn av ein dress. Eller av forfengelegheit, om du vil. Gjennom åra ha eg vore på mange bra kurs i Loen, og dette var ikkje noko unntak.

Likevel: Etter lunsj let eg kurs vera kurs og sikta mot dagens utfordring: Fjellet Skåla, 1 848 meter over havet. Klokka var 14, eg hadde såleis fire og ein halv time til det tradisjonelle grillpartyet i hagen på Hotell Alexandra. Det burde gå. Men så var det denne dressen då. Eg tok ein snartur innom Olden, handla dress og skjorte, og parkerte bilen ein halvtime seinare. 1 800 høgdemeter på fire timar, kunne det gå?

Eg spende skia fast på sekken og tok meg oppover gjennom skogen. Stien er fint opparbeidd av Sherpaer frå Nepal, som rehabiliterte løypa til Skåla i 2012. Etter kvart som eg vann høgdemeter, fekk eg flott utsikt over Innvikfjoren. Med høgdemetrane kom også sveitten. Eg tvilte på om saftflaska i sekken ville rekka heilt til topps. På 600 meter tylla eg i meg dei siste saftdråpene. Anna næring hadde eg ikkje med meg, så resten av turen fekk gå på vatn og vilje.

F16-06-048.eps

Skia blei spent fast på sekken.

Eg fylde flaska i elva, kryssa brua og tok skia fatt. Dei neste 1 200 høgdemetrane gjekk på snø. Eg har investert tusenvis av kroner i lett randoneeutstyr, og no skulle eg få valuta for pengane. Dei første bakkane gjekk lett, forma var fin. Eg henta fram kameraet og dokumenterte oppstiginga. I det eg starta på sjølve fjellryggen, kjende eg at føtene vart tyngre. Eit gnagsår var under full utvikling på høgrefoten. Pausane vart hyppigare. Eg byrja å tella stega. 50 steg, så pustepause, nye 50 steg, ny pustepause. Sakte men sikkert jobba eg meg oppover. Blodsukkeret gjekk nedover. Litt skodde seig inn over toppen, men sikten var likevel god. Ein skigåar dukka opp eit stykke framfor meg. Det gav ekstra motivasjon, krefter og viljestyrke. Eg kjempa meg til topps.

På toppen ligg Skålatårnet, bygd i 1891 av legen Hans Henrik Gerhard Klouman. Han meinte tuberkulosepasientar ville ha godt av den tynne, friske fjellufta. I dag driv Bergen Turlag tårnet som ei sjølvbetent turisthytte. I proviantlageret fann eg ein sekspakning med rosiner. Den betalte eg hundre kroner for, i mangel på småpengar. Det var verd kvar krone! Eg proppa i meg tre av pakkene og kjende korleis blodsukkeret steig. Dei siste pakkene delte eg med nokre petroleumsingeniørar frå Bærum. Dei kunne fortelja om rolege dagar i oljebransjen, så det var god tid til ein rundtur i den vestnorske fjellheimen.

F16-06-050.eps

Skålatårnet er bygd i 1891 av legen Hans Henrik Gerhard Klouman. Bergen Turlag driv tårnet som ei sjølvbetent turisthytte.

Eg slo følgje med bærumsgutta nedover, tenkte at no skulle eg visa dei. Eg er oppvaksen i skimiljøet på Voss, og ville briljera overfor austlendingane. Etter eit par svingar kunne eg slå fast at rosinene si livgjevande kraft ikkje hadde nådd beina. Dei var framleis tunge som bly etter oppturen. I staden for elegante slalåmsvingar, vart det å krøka seg nedover på ustø bein og med hyppige pustepausar. Bærumsgutta såg irriterande uanstrengde ut. Klokka var godt over 18, og grillene fyrte opp på Alexandra. Eg nådde brua på 600 meter, skifta frå ski til sko og sprang det eg var god for ned til bilen.

Vel framme på hotellet heiv eg meg i dusjen, og kjende korleis saltet frå sveitten svei i det ferske gnagsåret. Eg skifta til nydressen og møtte på grillpartyet kl. 20: 00, halvannan time etter skjemaet. Det var framleis mykje god mat igjen. Eg fekk meg ein øl, og gløymde etter kvart både gnagsår og tunge høgdemeter. Maten og drikka smakte himmelsk etter ein solid fjelltur! Kvelden vart sein i triveleg lag, og eg kunne skryta av ein kjapp trimtur til Skåla etter lunsj den dagen.

KjetilReisegg