Kjend bilethoggar var også tannlege

Av tannlege Johnny?Grøthe

Nest etter Gustav Vigeland er Gunnar Karelius Utsond den mest kjende bilethoggaren Norge har fostra. Hans mest kjende verk er Helferd som står i Ekebergskråningen utanfor den vakre og monumentale bygningen som fyrst hyste Sjømannsskolen, no held Kongshavn videregående skole hus der. Mindre kjent er det at Gunnar Utsond også var tannlege.

F15-06-022.eps

Gunnar Utsond i 1913.

Foto: L. Szacinski / Oslo Museum

Gunnar Karelius var fødd på Nordgarden i Kviteseid i Telemark i 1864, familien kjøpte ein plass kalla Utsond, og dei tok dette namnet. Han byrja tidleg med treskjæring og som 17-åring vart han elev ved Den Kgl. Tegneskole i Kristiania og utdanna seg samstundes til tannlege. Frå 1887 praktiserte han ei kort tid som tannlege i Larvik og i Kviteseid, men i 1889 bestemde han seg for å satse på bilethoggarkunsten og reiste til København. Utsond debuterte i 1894 med skulpturen Gutt som spikker. Hans første store verk, som han modellerte heime i Kviteseid og som vart synt fram i Kristiania i 1897, var ei fire meter høg og tre meter brei gruppe: ?Og havet ga sine døde tilbake, det er ein apokalyptisk visjon der sju menneske dukkar opp frå havet for å svara for sine gjerningar i livet, Utsond henta motivet frå ei domedagsskildring i Johannes' openberringar.

I 1897 reiste Utsond til Paris med eit tre-års stipend. Her byrja han på sitt andre store verk, Helferd. Det er hans mest kjende verk og står i Ekebergskråningen i Oslo. Både dette og Og havet ga sine døde tilbake vart - saman med tre andre verk - synte fram på verdsutstillinga i Paris i 1900, der Utsond fekk gullmedalje for Helferd. Men Utsond hadde ikkje råd til å få verka frakta heim til Norge, dei vart ståande i Paris utan tilsyn. Kunstnaren og forfattaren Christian Krohg tok då initiativ til ei innsamling av pengar for å få redda Helferd og fekk sendt denne skulpturen til Kristiania, der vart verket ståande demontert i fleire bitar i eit skur utanfor Nasjonalgalleriet i fleire år, men verket vart i 1909 henta fram og stilt ut med stor suksess. Helferd vart seinare støypt i bronse og utstilt på Jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 og vart ein stor attraksjon. Etter utstillinga vart skulpturen kjøpt av Oslo kommune og vart i 1921 plassert utanfor den dåværande Sjømannsskolen. Helferd er kalla eitt av hovudverka i europeisk symbolistisk skulptur.

F15-06-001.eps

Utsond laga fleire groteske figurar.

Balder og Helferd

Motivet til Helferd er henta frå norrøn mytologi. Balder var son av Odin (farens yndlingsson) og Frigg, han var den vakraste og lysaste av alle æsene, og alle i Åsgard ovundra han. Han budde i Breidablikk, og han var den visaste, den mest veltalande og mildaste av æsene. Den kvitaste av alle blomar, balderbrå, har fått namnet sitt etter Balders kvite augnebryn.

F15-06-023.eps

Helferd i Ekebergskråningen i Oslo.

Foto: Line Grøthe 2014

Men Balder hadde vonde draumar om at livet hans var truga. Dette fekk Frigg til å krevja lovnad av alt og alle at dei ikkje ville skade sonen hennar, Balder. Etter dette moroa æsene seg med å kaste ymse ting mot Balder, men han var usårbar. Men den vonde jotnen Loke fekk fritta ut at det var ein ting som Frigg ikkje hadde teke lovnad av, den vesle og veike mistelteinen. Loke fekk narra Hod, den blinde broren til Balder, til å kaste ei pil han hadde laga av misteltein, mot Balder. Loke sikta inn pila, og ho gjekk rett gjennom Balder slik at han døydde. Alle vart forstøkte, og Nanna, kona til Balder, vart så frå seg av sorg at ho døydde på flekken. Både Balder og Nanna, og også hesten til Balder, vart borne ombord til bålferd på Balders store skip, Ringhorne. Dei som fall i strid, kom til Valhall, men Balder og Nanna måtte dra til Helheim, der Hel, syster til Loke, rådde. Etter Hel har me fått namnet helvete.

Helferd syner Balder og kona hans, Nanna, på helhesten på veg til dødsriket Helheim. Skulpturen syner ein mann og ei kvinne, båe nakne, sitjande på ein hest i vilt sprang mot avgrunnen. Kvinna klamrar seg i redsle til mannen som held vernande om henne. Det som fangar auget, er den meisterleg utforma hesten som heng fritt frå ein stor steinblokk mot sida. Dette gjer at det ser ut som hesten sviv forbi steinblokken.

Omdiskutert

Utsond vart tidleg omdiskutert fordi han vart skulda for å nytta seg av avstøypningar av levande modell og for å plagiera andre kunstnarar. Avstøypningar av levande modell hadde alt vore mykje nytta i andre land, og Utsond fekk både medhald og motbør. Han vart likevel ein populær kunstnar og fekk i 1909, då Statens Kunstakademi vart oppretta, stilling som professor i skulptur, ei stilling han hadde fram til 1921. Christian Krohg var også professor ved Kunstakademiet.

F15-06-071.eps

Utsond modellerer portrettbysten av Ole Wigger.

Foto: Odd Bryn.

Utsond laga to utkast til Eidsvollmonument, på det eine står Harald Hårfagre på toppen av ei søyle med eidsvollmennene samla i ein ring rundt og eit vassbasseng med fabeldyr. Det andre, kalla Frihetshymnen, var meir originalt og syner, i likskap med Vigelands monolitt i Frognerparken, nakne menneske oppover ei søyle. På toppen sit Fossegrimen og spelar fridomshymnen. Han laga også eit utkast til kvalfangarmonument i Sandefjord, det kalla han Sydpolkalotten og syner ein frontfigur framanfor eit vassbasseng med figurgrupper og dyr. I 1930-åra laga Utsond fleire groteske, men originale figurar av menneskeøgler og kentaurar.

Utsond har laga portrettstatuar av Johan Sebastian Welhaven - den står på Briskeby i Oslo, av Sam Eyde, Aasmund Olavsson Vinje og Viggo Ullmann. Eit velforma utkast til statue av Camilla Collett med armane i kross rakk diverre ikkje til topps i tevlinga, der gjekk Gustav Vigeland sigrande ut.

Etter at han slutta som professor ved Kunstakademiet, flytta Utsond attende til Kviteseid, der han og kona Gunhild Øyan fleire år føreåt hadde kjøpt den gamle garden Neset der Utsond let byggja eit atelier på toppen med vidt utsyn over den vakre telemarksnaturen. I Utsondhalli i Kviteseid Bygdetun er mange av hans arbeid, skisser og utkast samla. Gunnar Utsond døydde i 1950.

F15-06-049.eps

Den gamle garden Neset i Kviteseid kjøpte Gunnar Utsond og kona Gunhild Øyan i 1907.

JohnnyGrøthe