Tysklandsstudentar

Av tannlege Vigleik Frigstad

Dei norske studentane blei tvangssendt til konsentrasjonsleirar i Tyskland ved årsskiftet 1943 - 1944. Dei skulle bli «omvendt» til nasjonalsosialistar og ta over styringa av landet når Tyskland hadde vunne krigen i Europa.

Torkel Masvie

Heller ikkje tannlegestudentane slapp undan. Tannlege Arnljot Gaare ( 1921 - 1997) som var president i NTF i 1980-åra, var tillitsmann for alle dei norske studentane ved den dramatiske kryssinga av Rhinen ved flyttinga frå Elsass til Buchenwald hausten 1944. Forfattaren av denne artikkelen gjorde dette intervjuet med overtannlege Torkel Masvie (f. 1920) i Kristiansand i 2004.

Bakgrunn

Det blei nokså fort konflikter mellom den tyske okkupasjonsmakta ved Reichskommisar Terboven og det norske nasjonalsosialistiske styret med leiinga av Universitet i Oslo, som var det einaste i landet den gong. Mange av studentane var med i illegalt arbeid som trykking og utdeling av illegale aviser. Konflikten toppa seg utover hausten 1943, då dei norske nasjonalsosialistiske styresmaktene kravde at NS-medlemer skulle ha førtursrett til dei såkalla lukka studiene, noe som leiinga ved universitetet ikkje kunne gå med på. Terboven hadde lenge truga med å stenge universitetet og sende studentane til Tyskland. Den 28. november 1943 tok ei gruppe seg inn i Universitetets Aula og tente fyr oppe ved podiet. Dei ringde sjølv fort etterpå til brannvakta og melde frå om at det brann. Brannvesenet kom raskt tilstades og fekk sløkt før det blei noen større skade.

Dette blei eit påskot for Terboven til å slå til og gjere alvor av sine trugsmål. Han skulda studentane for å stå bak denne hendinga, men i ettertid viste det seg at det var folk utanfor studentmiljøet som stod bak brannen. Så skal vi la Torkild Masvie fortelje om korleis hendingane utvikla seg for hans del:

- Tysdag den 30. november 1943 hadde vi forelesning i Geitemyrsvegen oppe i eit auditorium. Eg kan ikkje i dag minnest kven som førelas, men han stod oppe ved podiet og så ut gjennom vindauget. Vi studenter sat lågare og kunne ikkje se ut. Brått reiste førelesaren seg og braut ut:

- Kva nå då? Då heldt Gestapo på med å omringe bygningen, og snart etterpå kom dei opp trappene. Vi blei så transportert ned til sentrum og ført inn i Aulaen. Der var det alt fullt av studentar som hadde blitt tatt på lesesalar og auditorier rundt om i byen. Det blei stufullt av mennesker der inne. I ettertid har det blitt sagt at omkring 1 200 studentar blei tatt og stua sammen der inne. I tretida kom Terboven i eigen person. Han spankulerte fram og tilbake i midtgangen uten å seie eit ord. Det gjorde derimot hans nestkommanderande, SS-Obergruppenführer und General der Polizei Willhelm Rediess. Han fortalte at vi ville bli sendt til Sonderlager som straff for brenninga av Aulaen, som dei meinte studentane hadde gjort. Sonderlager var det ingen som visste kva var. Skulle vi få god behandling, eller var det det motsette? I halvfemtida blei vi kommandert ut og opp i store lastebilar som køyrde oss til Vestbanen, der vi blei setta på eit tog som køyrde oss til Larvik. Frå Larvik blei vi kommandert til å marsjere til Stavern. Då blei vi for fyrste, men langt frå siste gong, kjente med det tyske ordet los», som blei flittig brukt.

- Vi blei i Stavern til onsdag 8. desember. Då var eg mellom dei 258 studentane som blei plukka ut for å bli sendt til Sonderlager i Tyskland.

- Det blei marsjering tilbake til Larvik stasjon. Der har eg eit spesielt minne. Herman Wildenvey budde då ved vegen vi marsjerte mot Larvik. Då vi passerte huset hadde han stilt seg opp utanfor og gjorde honnør for oss! Det blei tog til Oslo og der blei vi ført om bord i det berykta fangetransportskipet Donau.

- Om bord var det også vanlege norske politiske fangar i tillegg til oss studentar. Vi lå trongt nattestid når vi skulle prøve å sove. Vi måtte ligge anføttes som i ein sardinboks. Vi passerte gjennom Øresund og det var merkeleg å se det lyse på svenskesida mens Danmark lå i mørke. Donau la til kai i Stettin (i dag Szczecin) ved middagstid. Etter oppstilling blei vi ført om bord i eit somletog som etter ein times tid stoppa ved ein leir med namnet Arbeitserziehungslager Pölitz. Det blei vårt fyrste møte med piggtrådgjerder, lyskastarar og bjeffande hundar. Vi blei stua inn, 240 mann i eit låst rom på om lag 100 m2. Det blei eit kjempeproblem med å kome på do. Noen greidde å bryte opp bord i golvet, men andre måtte la det gå i buksa! Kvelden etter blei det heldigvis betre.

Leirkommandant med bukketransport

- I Pölitz opplevde vi ein leirkommandant utenom det vanlege. Han kom køyrande inn på oppstillingsplassen i noe som så ut som ein margarinkasse som det var setta to hjul på. Denne køyredoningen blei så trekt av to bukkar! Han hadde nok lese norrøn mytologi, for han påstod at han var Tor med hamaren. Han ropte og skreik og kom med dei verste trugsmål. Det var ein uhyggeleg plass og vi var glade då vi fekk ordre om å reise vidare.

- Visste de kvar de skulle reise?

- Det gjekk ein del rykter om Alsace (Elsass), men det var ingen ting sikkert. Det blei ei lang togreise via Leipzig, Halle, Nürnberg, Karlsruhe til Sennheim (Cernay på fransk). I ettertid fekk vi greie på at Sennheim lå om lag 18 km frå Mulhouse (Mülhausen) i Elsass. Elsass var etter okkupasjonen av Frankrike innlemma i det tyske riket. Frå stasjonen måtte vi marsjere om lag tre kvarter til leiren der vi skulle bu, St. Andreas. Vi hadde nesten ikkje fått rørt oss på denne fem døgns reisa og vi hadde ikkje fått matbiten på tre døgn, så vi subba nok i veg.

Vi fekk utdelt brød og ost nokså fort etter at vi kom fram. Vi var jo heilt på knea av sult, så vi heiv innpå store mengder med mat. Av våre medstudentar var det fleire medisinarer som var nesten ferdige med si utdanning, og dei sprang rundt og åtvara mot å ete for mye og for fort. Men ein del greidde nok ikkje å stå i mot, og dei måtte gje frå seg maten igjen.

I SS-leir

- Kva slag leir var det som de kom til?

- Det var ein leir som blei driven av SS. Om SS veit vi i ettertid at dei var overtydde nazistar og brutale i si framferd. Tanken med å plassere oss i ein SS-driven leir, var at dei skulle påvirke oss til å bli overtydde nazistar og så når Tyskland hadde vunne krigen skulle vi vere ein elite som skulle styre landet!

- Oppnådde dei sin plan?

- Nei, det var langt derifrå. Dei henta inn professorer frå nærliggande tyske universitet som var overtydde nazistar. Dei heldt førelesninger for oss om raseteorier og om den ariske rasen som var langt betre enn andre rasar. Men vi var nok immune for slik påverkning. Men elles hadde vi rimelege gode forhold i høve til andre politiske fangar. Vi fekk SS-soldatkost og også 1 RM (ei riksmark) til dagen som SS-soldatane. Vi fekk også permisjonar og kunne gå til landsbyen og handle. Vi kunne både skrive heim og motta brev heimanfrå.

- Kva slag kleder gjekk de i?

- Vi fekk utlevert SS-uniformer med SS-distinksjonar som vi skulle gå med. Det skulle bli eit stort stridsspørsmål mellom oss studentar og leirleiinga. Vi kunne på ingen måte godta å gå i uniformer med SS-merker på. Så vi fjerna etterkvart alle slike merker. Men det førte til at kommandanten blei rasande og truga med å skyte oss ein etter ein! Det tårna seg opp med beltet som vi fekk utlevert med dauinghovudet på spenna. Vi ville ikkje gå med beltet, men til slutt måtte vi gjere eit kompromiss. Vi farga over hakekorset og dauinghovudet slik at det ikkje syntest, det kunne begge partar leve med!

- Kva slag arbeid måtte de gjera?

- Ja, vi var ein god del ute og arbeidde hos bøndene i området, og det var både dei og vi nøgde med. Dei fekk hjelp i sitt arbeid og vi fekk eit meiningsfylt arbeid. Ei tid arbeidde eg også i ein gravlund. Men med tida skjøna den nazistiske leiinga at dei ikkje kom noen veg med å omvende oss til «den rette trua.» Vi blei då setta til mellom anna å grave skyttargraver.

- Fekk du kontakt med dei sivile i området?

- Ja, det gjorde eg faktisk! Det lå ei vakker kyrkje ikkje så langt frå leiren. Dit fekk eg permisjon til å gå. På heimveg gjekk eg forbi eit hus med ein hage med vakre blomar. Eg stod ei stund og tenkte om eg skulle våge å be om å få ein bukett av dei vakre blomane. Til slutt våga eg meg til og ringde på. Ei medelalders kvinne opna døra og sa:

- Was wünschen Sie? Eg fekk forklart kven eg var og at eg tykte det var så vakre blomster i hagen og at eg undra om eg kunne få ein bukett. Vi hadde stadig problem med å forklare at vi var norske studentar som var fangar, og det var ikkje å undrast på. Vi gjekk jo i SS-uniformer som var ribba for distinksjoner, så det var forståeleg at for folk som ikkje kjente til dette undra seg over kva slag mennesker dette kunne vere. Men eg fekk med meg ein fin blomsterbukett frå henne. Seinare avla eg fleire besøk hos ekteparet. Det var helst kona eg prata med. Men etter ei tid fekk vi ikkje lov til å ha kontakt med dei sivile i området. Men då kom ho til leiren og melde seg i vakta og bad om å få prate med meg. Då kom ei av vaktene og henta meg og sa:

- Deine Freundin ist hier und möchte mit dir sprechen. Då kunne eg gå ut og prate med henne i «fünf Minuten.» Etter krigen har eg vore tilbake i området som er vakkert og frodig. Der har eg også oppsøkt mi gamle «Freundin» og hatt hyggelege samtalar med henne.

- Kor lenge blei du i Sennheim?

*Arnljot Gaare f. 1921 d 1997. cand odont Oslo 1946. Hadde fleire stillinger ved tannl.h.skolen i Oslo. Fleire tillitsverv i NTF mellom anna president i NTF 1977-81. Formann Norges kristelige studenlag 1945. Medlem Asker kommunestyre og skolestyre. Var såleis president i N.T.F då Sørlandets tannl.for,. hadde landsmøte i Kristiansand 1980. Han tenestgjorde som tannlege i Tysklandsbrigaden etter krigen. Medan han var i Kristiansand fortalde han denne episoden frå sitt opphald i Tysklandsbrigaden: «Eg var som tannlege løytnant den gongen og både offiserer og menige gjekk i full uniform på permisjon. Ein kveld vi var ein tur ute i byen kom vi over noen soldater som var i full krangel med tyske sivile. Dei var rasande på soldatane og det rådde nærmast lynsjstemning. Det var soldatane som bar skulda, men som offiser kjente eg meg forplikta til å hjelpe soldatane ut or knipa. Som tysklandsfange hadde eg lært det meste av eider og forbannelser på det tyske språk. Så eg setta i gang med å skjelle og smelle på tyskarane det beste eg kunne, og det var ikkje lite. Dei blei så forskrekka at dei stod bare og måpte og situasjonen kom under kontroll!»

Gjensyn med fangevaktar og befalingsmann Oberscharführer Schankweiler!

- Du har tidlegare nemnt om eit uventa møte med ein tidlegare befalingsmann i Sennheim?

- Ja, av alle dagar blei den 17. mai 1944 20 av oss kommandert til å reise til ein landsby som heitte Weiler for å vere med i ein arbeidskommando. Dei skulle ha som sjef Oberscharführer Schankweiler. Han var ikkje godt likt mellom oss «Häftlinge.» Han var født i Østerrike og var fanatisk SS-mann. Var det opp til han sa han, ville han skyte dei som setta seg opp mot leirleiinga, så ville nok resten bli medgjørlege. Han hadde mista høgre arm på Austfronten og ville la den andre gå også om «der Führer» forlangte det. Han var ein jentefut av dimensjonar, berykta frå Altkirch til franskegrensa. Då vi var på marsj gjennom Schwarzwald blei ti mann av mine medfanger enige om å ta han av dage når sjansen baud seg. Det kom så langt at dei drog lodd seg imellom kven som skulle avrette han. Men på ein eller annan måte forsvann han. Han rymte truleg for å unndra seg straff for dei gjerningane han hadde vore med på. Dermed blei det ingen ting av denne planen, og vel var nok det.

Men så hendte det utrulege at då eg var på reise i området noen år etter krigen, kven andre skulle eg få se på ei gate enn nettopp Schankweiler!! Han gjekk, sjølvsagt, saman med ei kvinne! Ho forstår at eg ønsker å prate med han, og gjer han merksam på det. Han snur seg og kjenner meg igjen frå Sennheim! Det blei eit merkeleg møte, men han viste ikkje noen anger overfor meg, men lest som om det var eit hyggeleg samantreff. Eg spurde om han ikkje hadde blitt straffa. Jau, det hadde han, men det var nå eit tilbakelagt tidsrom. Dei inviterte oss faktisk med heim til seg, men det avslo vi høfleg.

Opprør og streik!

- Fekk de problem på vegen mot aust?

- Ja, det skal vere visst! Vi måtte passere Rhinen for å kome oss vidare. Alle bruene i området var bomba så den einaste måten å kome over på var å bruke ei ferje ved Jechtingen. Vi blir kommandert til å føre ferja fram og tilbake over elva. Vi oppdager at det er mange soldater som har kome seg unnan slagmarka i Frankrike og som nå søker seg austover. Dei ser på oss som soldatar og vi kjem i den situasjonen at vi vil medverke i krigen på vår fiendes side. Det blir diskusjon oss imellom om vi skal nekte å utføre denne ordren. Ved avstemming blir det knapt fleirtal for å nekte. Det er uhøyrt! På eit tidlegare stadium ville vi uten tvil ha blitt avretta. I fyrste omgang blir ein del av oss stua sammen på loftet over Rådhuset i Burkheim. Ei anna gruppe blir låst inne i uthuset på ein gard, og får ikkje lov til å få korkje mat eller drikke. Mange år etter krigen blei det laga ein video om tysklandsstudentane som blei vist på NRK. Der blir det intervjua ei kvinne som var bare ein jentunge den gongen. Ho fortalde at dei tykte synd om gutane for dei var jo «junge Leute.» Det var smått med mat for dei også, men far hennes kokte poteter som dei smugla inn til studentane.

- Lørdag 2. desember blei vi stilt opp til appell på rådhusplassen. Vi merker at dei sivile fylgjer med i det som skjer bak gardinene. Dei som skal vere ferjemannskap, blir ropt opp, men ingen rører seg. Det blir tatt opp att, men ingen rører seg. Ein student som roper opp «Holzkommando», som er uproblematisk, blir slått ned av vår øvste sjef SS-Obersturmführer Wilde. Det blir stor forvirring. SS-underoffiserane roper til Wilde: «Schiessen Sie!» Wilde føler at han må få ordre frå sine overordna om kva han skal gjere og drar til Freiburg for å få lov til å straffe oss. Men same kvelden blir ferjeleiet bomba og ferja senka og det løyste den alvorlege konflikten.

- Du har ein gong tidlegare prata om ein medfange som de måtte trille på?

let vi få sitte oppå kofferten.

Jernbanevognene hoppa opp i lufta!

- Du har også fortalt om ei dramatisk bombing på ein jernbanestasjon.

- Ja, vi kom med tog til Freiburg 27. nov. 1944 til ein godsstasjon i utkanten av byen. Den dagen blei byen bomba kraftig. Vi sat innelåste i jernbanevognene når bombene tok til å falla. Det var fleire treff av bomber like i nærleiken så vognene vi sat i hoppa opp i lufta frå skinnane! Vi venta i kvar stunda at vi skulle bli råka av ei bombe, men heldigvis gjekk det bra. Det blei fullt kaos i byen med branner og bygninger som ramla i hop. I ettertid har vi fått greie på at om lag 20 000 mennesker mista livet i Freiburg den dagen. Vi mista også ein av våre, men det kunne ha gått så mye verre. Vi studentar var med i redningsarbeidet i byen og vi fekk ros for det etterpå.

- Men vanskane var ikkje over med det?

- Nei, vi måtte marsjere gjennom Schwarzwald til ein jernbanestasjon i Alpirsbach. Det tok oss fire dager. Vi måtte overnatte under open himmel eller på låver. Matforsyningstenesta svikta så vi fekk ingenting å ete. Vi forsøkte å finne igjengløymte poteter eller rotfrukter på åkrane vi passerte, men det var ulovleg så det var lite vi fekk tak i. Frå Alpirsbach blir det så fire døgns togtransport i låste godsvogner til Buchenwald. Det einaste vi får desse fire dagane er to gonger omkring ein halv liter suppe. Når vi omsider når fram til Buchenwald, må vi stå i 14 timer på apellplassen. Vi var alle i ei svært dårleg forfatning då. I Buchenwald var det då overfylt av fangar, og vi blei plassert i den verste delen. Men i Buchenwald lå det då fleire danske politifolk som hadde blitt massearrestert. Dei hadde fått danske Røde Kors-pakker, og hadde så dei kunne dele med seg til oss. Men det måtte skje på do med tildeling av mat til oss.

- Var du med dei som blei redda av «dei kvite bussane»?

- Ja, det hadde jo gått rykter ei tid om at vi skulle få lov til å reise til Sverige. Eg var med transporten frå Buchenwald til Neuengamme i Nordtyskland. Frå Neuengamme blei vi frakta i danske og svenske busser gjennom Danmark til Sverige. Det blei ei jubelreise gjennom Danmark uten ende! I Sverige blei vi sendt til ulike forlegninger, men den 25. mai blei alle som var friske nok sendt samla heim til Oslo med tog.

- Så var det å starte opp med studier igjen etter dette ufrivillige avbrotet?

Ja, sommaren 1945 brukte vi nok til å samle krefter igjen dei fleste av oss. For min del starta eg studiet igjen hausten 1945 og var ferdig tannlege våren 1946.

Fakta om Torkild Masvie

f. 1920 Ålgård

Studenteks. 1940, cand.odont. 1946 Oslo

Styrar skoletannklinikken Fredrikstad - 1946 til -55

Skoletannlegesjef Kristiansand 1955 - 80, overtannlege same stad 1980 - 1985

Medlem av NTFs hovudstyre 1967 - 1969

Styremedlem Internasjonal kirkefestspill

Referanser

  • 1. Studenter under hakekorset: Jorunn Sem Fure 2004

  • 2. Universitetet stengt: Per G. Norseng 1994

  • 3. Slottsfanger: Knut-Jørgen Erichsen 1985

  • 4. Tysklandsstudentene: Michael Sars og Knut Erik Tranøy 1946