Svar til Øyvind Simonsen:

Bukker og havresekker

I sitt innlegg Bukker og havresekker kjem Øyvind Simonsen med ein del underlege refleksjonar om den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland si rolle i behandling av sosialklientar og LAR-pasientar. Det er av og til vanskeleg å følgja resonnementet hans, men eg skal prøve å imøtegå ein del feil i framstillinga av tannhelsetilbodet til sosialklientar og LAR-pasientar i Bergen og Hordaland

Først nokre faktafeil i innlegget omkring rekneskapsføringa til fylkeskommunane:

1. Den offentlege tannhelsetenesta får etter vedtak i skattedirektoratet ikkje lenger momsfritak for behandling av vaksne betalande pasientar.

2. Avskrivingar på investeringar blir lagt inn i den offentlege tannhelstenesta sitt driftsrekneskap.

Tilbodet til sosialklientar i Bergen

Med sosialklientar forstår eg her personar som har rett på stønad til livsopphald etter § 5-1 i Lov om sosiale tjenester. Kommunen har normalt plikt til å dekke utgifter til nødvendig konserverande eller kurativ tannbehandling. Ved omfattande, kostbar behandling blir kommunen tilrådd å hente inn uttale frå overtannlege eller annan sakkunnig, og klienten må normalt godta det billegaste behandlingsalternativet som er fagleg forsvarleg.

Bergen kommune har sjølv valt å inngå ein samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune. Avtalen bygger på desse hovudprinsippa:

1. Sosialklienten får utført behandlings- og kostnadsoverslag på offentleg klinikk.

2. Sosialtenesta avgjer sjølve kva for behandlingsforslag dei vil ha vurdert av overtannlege.

3. På bakgrunn av overslaga fattar kommunen eit vedtak om behandlingsgaranti for eit bestemt beløp.

4. Klienten kan velje om han vil gå til offentleg eller privat klinikk og få utført behandling.

Avtalen byggjer på at klienten kan få ei fagleg forsvarleg behandling innafor garantisummen. Tannlegen som behandlar klienten er ikkje bunden av behandlingsforslaget, og kan fritt velje eit alternativt opplegg innafor same kostnadsramme.

Bergen kommune står fritt til å velje ei anna løysing. Bergen Tannlegeforening har hatt kontakt med Bergen kommune for å drøfte alternative opplegg, og Fylkestannlegen i Hordaland har sagt seg villig til å delta i eventuelle nye forhandlingar.

Tilbodet til LAR-pasientar i Bergen:

Hordaland fylkeskommune opna for at tannlegar i privat praksis kunne få behandle pasientar i kommunal rusomsorg etter same retningsliner som behandling i offentleg praksis. Etter ei tid vart det innleia forhandlingar mellom BTF og DOT Hordaland om ein avtale som begge partar kunne godta. Partane vart ikkje samde om den økonomisk kompensasjonen, og Hordaland fylkeskommune gjekk derfor ut med eit anbod på tannbehandling av rusavhengige i kommunalomsorg.

Øyvind Simonsen har tydelegvis ikkje forstått kva eit offentleg anbod er. Han skriv at ingen private tannlegar aksepterte innbydinga til samarbeid om LAR-pasientane fordi dei økonomiske «betingelsene» var for dårlege. Konkurransegrunnlaget inneheld ingen betingelser, men eit sett med spesifikasjonar for behandling av LAR-pasientar for offentleg rekning. Den enkelte tannlege – det vil si leverandøren av anbodet, bestemmer sjølv kva for økonomiske vilkår han vil legge til grunn for å inngå ein avtale med fylkeskommunen.

Det høyrer med til historia at mellom andre Øyvind Simonsen gjekk ut med ei sterk oppmoding til private tannlegar om å boikotte anbodsinnbydinga frå Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen sitt fagpersonell i innkjøpsavdelinga meinte dette var eit klart brot på konkurranselova. Kva for lovstridigheter Hordaland fylkeskommune har gjort seg skuld i har eg vanskeleg for å sjå.

Inge M.Bruvik 

Fylkestannlege i Hordaland