Stewart’s clinical removable partial prosthodontics

Rodney Phoenix, David Cagna og Charles DeFreest:

Fourth edition

Det er berre fem år sidan førre utgåve av denne store boka om avtakbar partialprotetikk og det er imponerande når boka er på heile 518 sider. Det er lagt til eit kapittel om kombinasjonen implantat og avtakbar partialprotetikk slik at boka no har 21 kapittel. Det er vesentleg gjort endringar i lay-out ved at overskifter er i fargar, fleire av figurane er fargelagt og svartkvitt bileta har fått betre kontrast.

Dei fire fyrste kapitla omtalar konstruksjonsprinsipp av det støypte metallskjelettet. Deretter kjem to kapittel om undersøking av pasienten og så eit kapittel om vidare planlegging på studiemodellen. I-bar konstruksjon har fått sitt eige kapittel og er omstendeleg omtalt.

Det mest kontroversielle med boka er kapittelet om kombinasjon implantat og avtakbar partialprotese. Både innskotne og fri-ende sadlar er brukt i konstruksjonane. Særleg ein konstruksjon i overkjeven der ein enkelsidig fri-ende med tre protesetenner er understøtta av to implantat må kunne seiast å vere litt på sida av den skandinaviske behandlingsfilosofi. Både locator- og kulefester i tillegg til ERA, Ceka og Dalbo system er omtalt som kopling implantat/protese.

Kapittel 10 til 17 omtalar dei kliniske prosedyrane i tillegg til ein omstendeleg gjennomgang av dei tanntekniske prosedyrar. På slutten av boka er der tre kapittel som tar for seg vedlikehald, midlertidige protesar og spesielle konstruksjonar som swing-lock protesen. Siste kapittel omtalar ulike attachments for kombinasjonsprotetikk.

Boka er lettlest og godt strukturert der hovudpoenga kjem tydeleg fram. Etter kvart kapittel er det litteraturliste, men ingen ny litteratur sidan førre utgåve, og det er diverre tatt lite omsyn til den monalege skandinaviske litteraturen på fagområdet. Boka er difor strekt prega av den amerikanske konstruksjonsfilosofien der mekanikken og dei tekniske finessar ligg til grunn for konstruksjonen. Til dømes linguale slør og utallege klammera. Plakk i samband med partialprotese er om lag ikkje omtalt.

Boka er svært innhaldsrik og kan anbefalast til spesialistar i protetikk og andre med interesse for alle tekniske finurlegheitar i partialprotetikken. For allmennpraktikaren er der andre og betre bøker på marknaden.

HaraldGjengedal 

London: Quintessence Publishing Co. Ltd.; 2008. ISBN- 978-0-86715-485-6. 518 sider, 1316 illustrasjonar.