Norsk språk: privat kosedyr eller effektivt verktøy?

Utdannings- og forskingsdepartementet har som ein av sine uutalte maksimar at Noreg ikkje må framstå som eit pottitland. Me må visa alle kor internasjonale og globale me er. Meir enn dei fleste land er me villige til å gløyma eigen kultur og eige språk for å kunna framstå som flinkast i den globale klassen. Her slår Jan Olav Fretland eit slag for at me også treng eit velutvikla norsk fagspråk for å bli gode internasjonalt.

Eg set fram følgjande påstand: I redsla for å framstå som pottitland er UFD i ferd med å innføra Noreg som a «potato country». Og sidan potato country er eit uttrykk engelskmenn ikkje på nokon måte vil forstå som vårt uttrykk pottitland, har me laga ein bruk av omgrep som liknar mykje på dei kvasiengelske vitskapsomgrepa det er altfor mykje av i engelsken som norske fagfolk presterer. Men UFD talar ustoppeleg og nådelaust: Engelsk skal det vera. Lat meg gje nokre døme på UFD sitt ustoppelege og energiske strev med å innføra Norway, the Potato Country:

For nokre månader sidan la Mexicos regjering ved presidenten fram ein plan for forståeleg og klart språk på morsmålet. Planen skal styrkja demokratiet, hindra korrupsjon og snusk og såleis vera eit viktig politisk verktøy. Her i landet legg regjeringa bort arbeidet med å få bort byråkratispråk. «Språksjekken» i Bondevik den førstes regjering har ikkje vorte vidareført, korkje i Jens den førstes eller Bondevik den andres regjering.

I 2004 fekk professor Karin Carlson, framståande svensk forskar, ein eigen språkpris frå svensk regjeringshald. Ho fekk prisen for å ha gjort ein stor innsats med å vidareutvikla svensk terminologi på sitt fagområde, og for at ho stiller stenge språkkrav til studentane og gjev mykje rettleiing i godt svensk fagspråk. Faget hennar er ikkje svensk grammatikk eller akkusativ i vermlandske dialektar. Det er mikrobiologi, ei tungt internasjonal vitskapsgrein. I Potato Country ville ho kanskje fått eit fagleg slag på munnen, eller enno verre: vorte fagleg ignorert.

I Finland er det ei eiga språklov som sikrar dei innanlandske språka, finsk og svensk, særskilde rettar i høve til framandspråk. I Mål i mun, som er den store svenske parlamentarikarutgreiinga om språk, blir det foreslått eit eige lovvern for svensk språk. Tilsvarande er diskutert i Danmark, og ein kan visa til omfattande arbeid med språkvern i land som Italia og Frankrike. I Noreg avskaffa Stortinget den einaste lovparagrafen som innebar eit visst vern for norsk i høgre utdanning då dei reviderte universitets- og høgskulelova: Dei strauk formuleringa om at undervisninga til vanleg skal føregå på norsk. Framlegget kom frå UFD. Rett skal vera rett: Dette var omstridd i Stortinget, og framlegget vart vedteke berre med hjelp av Frp. Dei andre opposisjonspartia stemde for å halda på lovføresegna.

Det finst fleire døme. Mange land i Europa har eigne nasjonale nemningar, attåt dei internasjonale bachelor og master. Det skulle berre mangla: Dei høgaste utdanningane treng sjølvsagt namn som innbyggjarane kan kjenna og uttala. Ikkje så i Noreg. Sjølv om mange i universitetsverda protesterte, var det makta som rådde: Engelsk ungkar skulle dei bli, både kvinnfolk og kar som vil skaffa seg ein lågare grad i høgre utdanning.

I dette språkklimaet er det ikkje så rart at norsk språk omtrent ikkje er nemnt i stortingsmeldinga Kultur for læring. Etter mitt syn burde meldinga ha teke opp tema som samanhengen mellom fagleg kvalitet og god uttrykksevne på eige morsmål og sett på følgjene for fagleg kvalitet når all fagleg omgrepsdanning og -forståing går gjennom eit anna språk enn eige morsmål. Meldinga kunne vidare ha sett mål for opplæring i fagspråk og fagterminologi, både på morsmål og framandspråk og drøfta korleis ein løyser formidlingsoppgåvene i høgre utdanning dersom eit heilt fagområde er på engelsk. Resultata frå fleire rapportar, som mellom anna dokumenterer at meir enn halvparten av pensum på dei vanlegaste grunnfaga ved universiteta no er på engelsk, kunne og ha vore interessante. Sjølvsagt burde meldinga også ha drøfta meir generelt verdien av å ha sitt eige nasjonalspråk som eit komplett, samfunnsberande språk, i staden for som eit, ja, privat kosedyr.

Lat meg utdjupa saka vidare gjennom eit blikk på formidlingsansvaret, som er ekstra understreka i den nye lova om universitet og høgskular, der elles samanhengen mellom undervisning, forsking og formidling blir vektlagt på ein forbiletleg måte. I ein artikkel i boka Språk i kunnskapssamfunnet, Engelsk – elitenes nye latin? peikar Ragnvald Kalleberg, som leier den forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora, på dei ulike sidene av formidlingsansvaret. Han nemner formidlinga til fagkollegaer gjennom fagtidsskrift, formidling til studentar gjennom undervisning, formidling i samband med ekspertverksemd og kommersialisering, formidling til media og formidling i den løpande institusjonsforvaltninga.

«Som forsker», seier Kalleberg, «samtaler fagpersonen (i alle fall) med andre forskere på sitt spesialområde, som underviser med studenter, som formidler og samfunnsdebattant med interesserte lekfolk, som ekspert med klienter og andre brukere og som institusjonsmedlem med andre institusjonsmedlemmer (eller relevante personer utenfor institusjonen)»

Ei slik påminning om fagfolks ulike formidlingshattar understrekar etter mitt syn behovet for å ta opp forholdet mellom morsmål og framandspråk når auka kvalitet i høgre utdanning og forsking står på saklista. Eg er freista til å seia at ei slik manglande drøfting av norsk fagspråk i utdannings- og forskingspolitikken nettopp er pottitlandet Noreg på sitt verste. Ein kan undrast om styresmaktene er redde for at det kan bli oppfatta som målsak å snakka om norsk som vitskapsspråk og samfunnsberande språk? Det er det sjølvsagt ikkje. Eg må iallfall slå fast at bevisstløysa når det gjeld språk i utdannings- og forskingspolitikk er så tydeleg og så spesiell i Noreg, at ein kjenner gufsen av husmannsånda lang veg. Derfor tek eg og i litt når eg karakteriserer situasjonen.

Det er òg rett å seia at både Universitets- og høgskolerådet og Forskingsrådet har vore i beste fall passive når det gjeld holdninga til utvikling av norsk fagspråk. Det kan sjå ut til at det er vanskeleg å halda to tankar i hovudet samstundes: Både at me treng betre framandspråkkunnskapar og at me treng eit solid språkfundament i eige morsmål.

Somme gjev Bologna-erklæringa skulda for alt som er gale. Det er ikkje rett at dette dokumentet krev at universitetsspråket skal bli engelsk. Erklæringa inneheld tvert om ei oppmoding til språkleg mangfald. Bologna-prosessen er i utgangspunktet meint som ei styrking av Europa og er og meint å skulle verka positivt for små språk. Bologna-erklæringa er altså ikkje et problem i seg sjølv, men kanskje Potato-versjonen av Bologna kan vera det! Ei anna sak er at praksis viser at resultatet av Bologna-oppfølginga ofte blir styrking av engelsk, for eksempel ved at opplæringstilbod som skal rekruttere studentar frå andre land, blir laga på engelsk.

Språkrådet har på to større konferansar i 2003 og 2004 teke opp tema omkring norsk og engelsk som undervisnings- og forskingsspråk. Særleg frå internasjonalt hald har det vorte lagt vekt på å ikkje setja morsmål og engelsk opp mot kvarandre, men å ha ein parallell strategi. Det er og stor semje om at det trengst spesifikke tiltak for å sikra dei ulike nasjonalspråka i Europa. Alternativet er at det Gudmund Hernes har kalla «Matteus-effekten» (den som har, han skal få), rår. Når franske forskarar som publiserer på engelsk, blir siterte tre gonger så ofte som franske forskarar som publiserer på fransk, viser det ei utvikling som kan gje dødsstøyten til nasjonalspråkleg vitskap. Mange innlegg på konferansane speglar av ei frykt for at mangfaldet forsvinn i forskingstradisjonane, og at dyrkinga av dualismen mellom eins eige nasjonale fagspråk og det tilsvarande engelske ikkje blir interessant.

Eg skal til slutt peika på nokre tiltak som eg trur blir viktige dersom Noreg skal unngå å bli anten pottitland eller Potato Country når det gjeld bruk av fagspråk. Eg stør meg her særleg på rådgjevar Dag Finn Simonsen i Språkrådet, som har vore ein pådrivar for denne diskusjonen i nordisk samanheng:

- I tillegg til at det bør utviklast nasjonale mål for bruk av norsk fagspråk, bør kvar enkelt institusjon også lage sin eigen språkpolitiske plan. På Den Kgl. Veterinær- og Landbohøjskole (KVL) i København, som har 100 engelskspråklige kurs og det meste av forskinga på engelsk, er det laga ein plan for parallellspråklegheit, som mellom anna krev eit samandrag på dansk av doktorgradsavhandlingar på andre språk. Slike reglar gjeld og i Finland.

- rapporteringssystem (monitorordningar) som kan gje data om faktisk språkbruk i undervisning, forsking osv.

- språksenter ved dei enkelte lærestadene som tilbyr kurs, omsetjing, språkvask, terminologihjelp og anna hjelp i både norsk, engelsk og andre språk. Sjå til dømes Åbo Akademi si språkteneste: http://www.abo.fi/sptj/askrivande/index.htm

- planar for og øyremerkte midlar til seriøs og god opplæring i både «vitskapleg skriving» og «scientific writing», ved den enkelte institusjonen og på departements- og forskingsrådshald. Det er òg svært viktig at tilskota til å laga læremiddel på norsk blir auka. UFD ønskte som kjent å ta bort desse midlane i siste statsbudsjettet.

- forpliktande satsing på formidling av forsking – som eit nødvendig supplement til forskingssatsinga. Og då tenkjer eg på alle fem sidene av formidling som er nemnde før.

- Kanskje bør ein og vurdera å integrera midlar til formidling i dei allmenne finansieringsordningane (på linje med forsking og undervisning).

Lat meg avslutta med eit lite lysglimt over språkpotetene: Både styret i Universitets- og høgskolerådet og departementet har nyleg vedteke å støtta eit prosjekt som skal gje nærare kunnskap om undervisningsspråket i høgre utdanning. Styret i UH-rådet har òg starta ein diskusjon om språk som tema i høgre utdanning og forsking.

Så får me sjå om framtidspoteta skal omtalast på norsk eller engelsk …

Norsk fagspråk

Utviklingen av og fremtiden til det norske språket, ikke minst fagspråket, har i den senere tid vært tema for diskusjon og innspill i så vel riksdekkende medier som fagblader, så også i Tidende. I denne artikkelen, som tidligere har vært publisert som kronikk i Forskerforum nr. 3, 2005, peker førsteamanuensis Jan Olav Fretland blant annet på noen av problemstillingene som følger av norske myndigheters manglende bevissthet når det gjelder å sikre det norske fagspråket.

Jan OlavFretland 

Førsteamanuensis, Høgskulen i Sogn og Fjordane