Ein tannlækjar utanom det vanlege

Av Mikael Grøthe

Mitt første, og vel mitt einaste, møte med Georg Vefling fann stad ved eit landsmøte i Oslo i 1970-åra. Han var 75–80 år då, og eg veit ikkje kva som førde til at me helste på kvarandre. Han var av den fåmælte typen, sa såleis ikkje mykje, men gjorde eit stort inntrykk.

Georg Vefling.

Den fyrste spiren til Tannlegenes Hus 1969–71

Georg Vefling ga Oslo Tannlegeselskap (OTS) og Den norske tannlegeforening (NTF) deira start som huseigarar i form av aksjar i A/S Gaardkompaniet. Seljar av aksjane var familien Vefling, og aksjekapitalen var kr 30 000, delt på 60 aksjar, 30 aksjar til OTS og 30 til NTF. Prisen i 1955 var kr 500 000. Det var mange pengar. Ikkje mindre vil denne summen vera den som i realiteten fann sin rette grobotn – eller vart investert i verdiar som kasta godt av seg for OTS og NTF.

Prisen – kr 500 000 – må ikkje sjåast som eit billegsal. Georg Vefling hadde kan henda fleire som ville gje han det same. Likevel ville han selja aksjane til OTS og NTF som han nok hadde høyrt var på husjakt.

Det var ved hovudstyret sitt møte den 11. juni 1955 at presidenten, Leif Holden, kunne fortelja at OTS og NTF hadde fått tilbod om å kjøpa Kronprinsens gate 9. Av skattemessige årsaker, ikkje nærare presisert, skulle overføring av aksjane vera gjort før 1. juli 1955. Kjøpesummen vart lånt i Norsk Kollektiv Pensjonskasse. Så vel generalforsamlinga i OTS, som representantskapet i NTF i 1955, godtok i etterkant kjøpet. At Georg Vefling seinare er nesten gløymd i samband med Tannlegenes Hus er nesten litt rart å tenkja på.

Ekstrakontingent og vanskar med økonomien

Eg kan ennå hugse den ekstrakontingenten eg som tilsett skuletannlækjar i Odda måtte betala kvart år i åtte år, til Tannlegenes Hus i Oslo! Det var sure pengar. No kom eg til å flytta til Oslo, då kom dei til meir nytte. I mange år hadde eg kjensla av å ha gjeve litt meir – nokre kroner – enn mange andre til tannlækjarstanden.

Spørsmålet om ei anna eigarfordeling mellom OTS og NTF kom opp fleire gonger. Det var noko vanskeleg i dei fyrste åra med drifta, og styret i OTS fekk kring 1970 generalforsamlinga si fullmakt til å overdra inntil 20 av sine 30 aksjar i A/S Gaardkompaniet til NTF. Nokre meinte at OTS burde overdra meir, ja sågar alle aksjane til NTF. Styret overdrog så sumaren 1974 10 av sine 30 aksjar. Summen NTF betalte OTS då, vart fastlagt til kr 200 000. Taksten vart halde av ein nøytral takstmann. I kontantar fekk OTS kr 55 000, medan resten var lokalleige etter ein oppsett plan. Her må me hugse på at det var vanskelege tider då. Økonomien vart stadig verre å takla, medlemskontingenten steig, og underskota i Apollonia A/L (vart stifta 1970–1971 av A/S Gaardkompaniet og oppløyst ca. 1983) var ei av årsakene til at OTS overdrog 10 av aksjane til NTF.

Kronprinsens gate 9 kom saman med Arbins gate 8 til å utgjera det som vart kalla Tannlegenes Hus. Byggesummen vart i underkant av 20 millionar.

Både OTS og NTF heldt hus der heilt til i desember 1992, då vart Tannlegenes Hus selt til Vital med formidabel gevinst.

I etterkant kan det seiast at det var klokt av OTS å selja berre 10 av dei 30 aksjane OTS kunne selja til NTF. Fortenesta ved det seinare salet av Tannlegenes Hus la grunnlaget for den framifrå gode økonomien OTS har hatt seinare. Eit sal av alle aksjane til NTF hadde me sikkert angra på no.

Eit menneske utan framtidsvyer for eigen profit

Kvifor Georg Vefling hadde NTF i tankane, og spesielt OTS, veit eg ikkje. Her må me spekulera litt: A/S Norsk Dental Depot var leiande på mange måtar i dentalbransjen den gongen og foreiningane OTS og NTF var meir samanvevde enn no.

Georg Vefling var president i NTF frå 1937 til 1948. Han hadde vore i mange komitear og utval, blant dei som formann i styret for A/S Norsk Dental Depot frå 1945 til 1967. Finn Lønnå var administrerande direktør i A/S Norsk Dental Depot 1946 til 1977, og han var også innboden medlem i OTS, og fungerte som styresekretær der i mange år etter han hadde pensjonert seg frå direktørjobben i A/S Norsk Dental Depot.

Leif Holden var president i NTF 1953–1955 og formann i styret for A/S Norsk Dental Depot i 1967–1974. Han var også tidlegare formann i OTS, han var òg ein flink bridgespelar. Han var ein av stiftarane av bridgeklubben St. Apollonias Knekter i 1935.

Overlege og tannlege Rolv Wang-Norderud, president i NTF 1959–1965, var formann i styret til A/S Norsk Dental Depot i 1974–1983. Desse fire hadde sikkert mykje fore. Det skulle ikkje forundra meg om dei saman har fungert som ein «sentral». Finn Lønnå hadde nok litt av kvart å fortelja om dette, men diverre, dei er alle burte.

Georg Vefling gjorde sitt til at medlemskontingenten i OTS er så liten. Det var dei færraste som hadde evnen til å sjå inn i framtida, og kunne forestilla seg at dei kr 500 000 i 1959-kroner, så godt kunne takast hand om og investerast slik dei har vorte. Takk vere framsynte kolleger – fyrst og fremst Georg Vefling.

Hausten 1992 overtok OTS formelt sine lokaler i Niels Juels gate, medan NTF flytta inn i nytt hus i Fredrik Stangs gate, med mange millionar kroner investert etter reglar som foreiningane har bestemt.

Ettermæle

Georg Vefling er ein person som aldri kom i søkelyset. Både i NTF-samanheng og i OTS er han snautt nemnd i dei siste 35–40 åra, sjølv om han vart æresmedlem i NTF i 1959. Han slutta å praktisera som tannlege i 1949, men han heldt fram som skipsreiar i Tønsberg.

I Oslo Tannlegeselskap fekk han diverre ingen forteneste. Han hadde heller ingen tillitsverv i OTS, og i årsbolken mellom 1955 og 1971 – til Tannlegenes Hus var bygd ferdig – var det ingen som fortalde om Georg Vefling til meg.