Misvisande fra presidenten

I nr. 12 av Tidende skriv presidenten at «Legene er i en helt annen situasjon. De får lønn i utdanningsstillinger, der kostnadene for samfunnet skjuler seg i sykehusbudsjettene.» Ei stygg sak tydelivis – å «skjule» samfunnets kostnader på denne måten.

Eg antar at presidenten siktar til sjukehuslegar, slik som assistentlegar og tilsvarande stillingar. På sjukehusa er det mye legearbeid som må utførast, og ein stor del av dette blir utført av personar i stillingar som også er kompetansegivande for ein spesialitet. Som elles vanlig i samfunnet får dei lønn. Skulle bare mangle – dei fleste har ei tettpakka arbeidsveke. Litt tid på veke- eller årsbasis er avsett til kurs eller såkalla fordypning.

Klart nok – det ville vore ønskelig at odontologien hadde arbeidsstader som likna sjukehusavdelingar, men det er lite av det. Det nærmaste ein kjem er fakulteta sine kliniske avdelingar. Og når det gjeld arbeidssituasjonen, er vel ikkje instruktørtannlegane så ulike assistentlegar m.v. Dei mottar velfortent si lønn, tenesta er kompetansegivande og – med den reservasjon at eg kjenner best til forholda i Bergen – på årsbasis har dei vel like mye tid til kurs og liknande. Løna er om lag den same. Likevel har eg ikkje sett noe om at ein har skjult samfunnet sine kostnader i universitetsbudsjetta.

Ein del skulle ein ha ønska seg annleis, eg er einig med presidenten der, men den aktuelle retorikken syns eg virka merkverdig.

AgnarHalse 

Adresse: Årstadveien 17, 5009 Bergen