Sju år for Rakel

Ei soge om venting, von og svik

I det gamle testamentet, (1. Mosebok 27,29) vert det fortalt ei historie som går omlag slik: Jakob, bror til Esau, er på reise til Mesopotamia og leitar etter ein mogeleg ektefelle. Han møter Rakel, som er velskapt og vakker og gjer ein avtale med svigerfar Laban, om å tene hos han i sju år. Jakob oppfyller vilkåra for å få Rakel, men luringen Laban har ein annan plan. Etter at sju år har gått fortel Laban at han ikkje kan gi bort Rakel, som er den yngste dottera. Jakob må ta den eldste dottera Lea til ektefelle først. Lea er, som det står skrive, «ikkje velskapt og vakker, men har milde auge.» Jakob må så tene Laban i sju nye år for å gjere seg fortent til Rakel og nokre trelkvinner som kom med på kjøpet.

Parallellar i vår tid

Gjennom åtte år har eg som tillitsvald vore med på sju lokale 5.1 lønnsforhandlingar, eg er altså omlag halvvegs i ein bibelsk avtaleperiode. Om vi tenkjer oss at Laban representerer modellen med lokale forhandlingar, som lokal tillitsvald har eg vore Jakob, og så har NTF/Akademikerne hatt ei noko tvilsam rolle som ekteskapsbyrå. Eg har med ein viss uro følgt utviklinga innan AF og seinare Akademikerne der strategien om lokal lønnsdannelse som hovudmetode for lønnsvekst har vorte einerådande. Manglande sentrale tillegg for våre grupper skulle kompenserast lokalt. År etter år har vi gjort førebuingar med parolen «Potten er vår!» som rettesnor. Like årvisst har vi oppsummert at potten er for liten, alle grupper krever sitt, og vi landar på ei «pro-rata» tildeling som dei andre. Vi får ikkje uttelling for det vi «avstår» i sentrale tillegg. På sentrale lønnskonferansar har tonen vore at «ting tar tid, nye vindar bles, vi er på gli, vi står framfor eit gjennombrot» osb. Eg trur ikkje på det lenger.

Ei uløyseleg oppgåve

Hos oss har hovudtyngda av medlemane til no vore tilsett som Tannlege A. Den lokale potten har vi i hovudsak nytta til å halde oppe lønnsnivået for overtannlegar, som ikkje får sentrale tillegg, og til å jamne ut skilnaden i timelønn mellom Tannlege A og 7301 Tannlege. Vi har altså brukt heile potten kvart år på 35 – 40 % av medlemane. Desse stillingstypane har på grunn av dette nådd ein samla lønnsvekst som nesten går opp mot gjennomsnittet for alle tilsette i Vestfold fylkeskommune, i prosent og i kroner. Ulempen ved prioriteringa har vore at 60 % av medlemane verken har fått sentrale eller lokale tillegg og har derfor hatt ein brutto lønnsvekst som ligg godt under konsumprisindeksen.

Tannlegar vert eldre også i Vestfold. Mange har takka ja til eit tilbod om overgang til 7301 stilling fordi det gir betre pensjonsgrunnlag. Om kort tid vil nesten alle vere i stilling 7301, og vi må fordele potten på langt fleire medlemer. Vi treng ei kursendring i form av auka satsing på sentrale, generelle lønnstillegg. Utan dette vil oppgava med å halde lønnsveksten for tannlegar på eit gjennomsnittleg nivå vere heilt urealistisk for dei tillitsvalde.

To meldingar om ekteskapsbrot

I naborommet jobbar ein tannlege som har vore finalist i NM i reallønnsnedgang mange år på rad. I same tidsrom har krava til innsats vore sterkt aukande. Han melder seg no ut etter 27 år i NTF. «Kvifor skal eg betale 4500 kr i året til ein sentral organisasjon som legg ansvaret for lønnsutviklinga på markedet og ubetalte amatørar i det lokale tillitsapparatet?»

Eg har ikkje noko godt svar. Sjøl kjenner eg meg lurt av Laban, eg vil ikkje lenger vere Jakob og har gitt opp tanken på både Rakel og Lea. Etter avtale med fylkestannlegen har eg skaffa meg ei «på si.» For dei som vil høyre meir om dette – ta kontakt med:

GeirSkorpen 

Adresse: Søeberg tannklinikk, Holmbrua 2, 3211 Sandefjord