Ferie i Venezia

FERIE I VENEZIA • Då vi seint på kveld kjem attende til byen frå den nesten attgrodde laguneøya Torcello, der makta rådde for 800 år sidan, vaskar det brunblakke vatnet over kaien. Pålandsvind og høg flo har fått havet til å stiga nesten ein meter. Det er lagt ut trelemmar til å gå på. – Når vi kjem inn på Markusplassen, er heile denne vakre og vidgjetne plassen ei einaste stor, still, skinande vassflate. Katedralen med kvelv og spir speglar seg, dei opplyste bogegangene kastar eit gyllent ljos over dette merkelege rommet mellom bygningane med dyre butikkar og restaurantar.

Det ligg eit slør av lyd over plassen; musikk flyt ut frå åpne restaurantdører, brotstykke av samtalar høyrest, samanfletta med skvaling av vatn der folk vader med nakne føter over den veldige blanke flata. Dei går langsamt, som i prosesjon, som deltakarar i eit mildt ritual.

Men mest av alt høyrest – og mest av alt minnest vi – lyden av undring frå dempa røyster, undring ved møtet med det uventa vakre. Det kan koma til oss både fortent og ufortent. Og nett difor overveldar det oss, som ei oppfylling av ei von, den som er i oss, alltid vakande.

Juli 1998, mai 2000
Tannlege Jogrim Nordsletten