Med praksis både i himmelen og på jorda

Med praksis både i himmelen og på jorda

Karl Kvile har verdas mest spesielleyrkeskombinasjon. Den eine dagen tek han deg til himmels med SAS. Neste dag stikk han nåla i tannkjøttet ditt, og røskar ut visdomsjekselen.

OSLO LUFTHAVN, GARDERMOEN • Han loggar seg inn på skjermen på SAS-senteret. Karl Kvile står det på ein lapp som kjem ut av datamaskinen, men han heiter berre Kalle blant venner. Det vrimlar av kapteinar, styrmenn, purserar og flyvertinner. Nokre kjem, andre er på veg til neste avgang. Kalle slår av ein prat med ein kjenning frå SAS-kurset. Endå ein kjenning dukkar opp i vrimmelen.

– Hei, Helge!

– Hei, Karl!

Styrmann Helge Espeland frå Rosendal er på veg heim. Han har eit par år lengre ansiennitet enn Kalle. Stripene på uniforma er synlege bevis på ansienniteten. Kalle har ei stripe. Helge har to. Det gjevaste er fire breie striper. Då går lønna rett til himmels.

SAS har 2500 flygarar på lønningslista. 500 av dei er knytt til basen på Gardermoen. – Det seier seg sjølv at vi kjenner svært få av kollegaene våre. Eg har jobba i SAS i snart eit halvt år, men eg har enno ikkje floge med same kapteinen.

45 minutt før avgang møter han kaptein Jørgen Christensen – fartøysjefen på flyet. Ein hyggeleg danske som starta karrieren som helikopterpilot i den danske hæren. Turen skal planleggast. Det er ei kurant sak. Dei plottar inn ruta på ein skjerm. Ut kjem ein lapp med faktaopplysningar om turen. Flyrute. Ver. Vind. Drivstof-forbruk, etc.

I COCKPITEN PÅ MD81 • Klokka nærmar seg 1600. SK 325 til Bergen er klar til avgang. Kalle og kapteinen sit i cockpiten på Ivar Viking. Sjekklista er gjennomgått. Grundig. Flygarane har skrudd på knappar. Snakka med tårnet. Vridd på knottar. Snakka med bakkemannskapet. Sjekka instrument. Snakka med tårnet igjen. Plotta inn flyruta. Godkjent passasjer- og fraktliste. Gud veit kva dei ikkje har gjort! Rutinane er svært strenge. Sjekklista skal følgjast til punkt og prikke før kvar einaste avgang. Flymaskinen får klarsignal frå tårnet. No er det berre å taxa ut til rullebanen.

Alt ligg til rette for at dei 111 reisande skal koma trygt til Bergen. Slitne og overbetalte forretningsmenn, med lommene fulle av bonuspoeng, kastar døsige blikk på crewet medan tryggleiksrutinane blir gjennomgått. Spente smårollingar ventar på take-off.

I cockpiten gjer Kalle seg klar. Det er han som skal føra flyet til Bergen i dag. Kapteinen og styrmannen bytter på flyginga. Kalle snur seg mot kapteinen: – Eg flyr manuelt ei stund. Så koplar eg inn autopiloten når eg føler for det!

– OK, seier dansken!

KLAR TIL AVGANG • Framfor oss ligg stripa som Kjell Opseth og stortingsvennene hans bygde for ein svimlande sum. Rullebanen er like glatt som den tidlegare samferdselsministeren. Norsk flygerforbund rangerer flystripa blant verstingane i verda. Like farleg som flyplassane i dei fattigaste U-landa. Men om sommaren er flyplassen heilt topp.

Kalle set maskineriet i gang og dreg stikka tilbake. – Rotate! seier han. Like etterpå ligg Romerike under oss. Krøderen kjem snart til syne på høgre side. Vi flyr som fuglen. Lufta er fri for alle, men lufta var ikkje fri for Kalle. Vegen til perleporten var lang og brokete. I 1990 kosta han på seg ein dyr flygarutdanning i USA, men då han returnerte opplevde luftfarten dårlege tider. Budsjettkutt. Sparekniv. Inntaksstopp i SAS. Det var ingen stjernehimmel i sikte for dei nyutdanna flygarane. Naturleg nok ein nedtur for ein som ville jobba som flygar. Han tok difor fatt på odontologistudiet ved Universitetet i Bergen, og starta yrkeskarrieren som tannlege i 1997.

Oppturen kom i 1998. Kalle lukta lunta, og konverterte sertifikata til norsk året før. Våren -98 gjennomførde han dei psykologiske testane som SAS set som vilkår for å kunna søka flygarjobb i selskapet. Deretter gjekk alt i jetfart: Intervju og simulatortest om hausten. Tilsett i SAS i januar 1999. Kurs på SAS Flight Academy i Stockholm om vinteren. Ruteintroduksjon om sommaren. I august kunne han føra inn Baserelease i CV’en. Det betyr at han er godkjend til å fly med samtlege kapteinar.

23 000 FOT OVER GEILO • Ei overhyggeleg flyvertinne stikk hovudet inn i cockpiten. – Skal det være noe å drikke? – Eg tar ei cola! svarar Kalle. Eit halvt minutt etterpå kjem ho inn att:

– Noe å spisse?

– Ja, takk!

Ein plastpakka grov minitebriks blir servert. Cola og tebriks er himmelføde idet slalåmbakkane på Geilo forsvinn ut av synsranda langt der nede. Styrmannen grip mikrofonen: "Dette er styrmann Karl Kvile. Vi har akkurat passert Geilo, og krusar no i 23 000 fot. Vi reknar med å landa på Flesland om vel eit kvarter. Det er ein del vind i Bergen, og det kan bli litt turbulens under innflyginga. Håpar de har ein hyggeleg tur med oss". Han gjentek leksa på engelsk, før han tek ein sup av colaen.

Hardangervidda er unnagjort på nokre få minutt. Vi nærmar oss heimstaden til Kalle. Han kikkar ned. – Der er Tveitanuten! Den danske kapteinen smiler: – Tveidanuden?

– Ja, Tyssedal ligg nedi dalen. Eg er oppvaksen i Tyssedal. Synd at skydekket hindrar utsyn, sukkar han.

Kalle skulle så gjerne vinka heim til familie og barndomsvenner. Han kastar nostalgiske blikk ned i skoddeheimen. Kanskje tenkjer han på ungdomstida. Den gong han roterte rundt i ein vilter breakdance i aulaen på Odda ungdomsskule. Kven trudde då at han skulle sveva over landet på denne måten?

HØGT OVER VARALDSØY • Innflyginga startar. Vi rir på skyene før alt blir kvitt. Radaren viser veg gjennom skydekket heilt til Bergen kjem til syne. Kaptein Jørgensen og styrmann Kvile gjer klar til landing. Kalle legg flyet over til høgre og kjem direkte inn mot flyplassen. Tårnet på Flesland opplyser at det er sidevind på rullebanen. 18 knop for å vera presis. Kalle overlet stikka til kapteinen. Slik er reglane i SAS. – Det er restriksjonar for nye pilotar dei seks første månadene. Eg har berre lov til å landa i 15 knop sidevind. Skulle noko gå galt, får vi problem viss vi ikkje følgjer reglane. Om to månader opphøyrer restriksjonane, seier han.

Klokka har passert fem om ettermiddagen. Vi er trygt nede på Bergen lufthavn, Flesland. Arbeidsdagen i SAS er over. Han plukkar opp mobiltelefonen frå innerlomma, og slår nummeret til sambuaren Beate Hauge for å høyra om korleis det står til heime.

PÅ EIN PRIVAT TANNKLINIKK I BERGEN • Klokka er blitt 1900. Kalle har bytta flygaruniforma med tannlegedressen. Kjersti Haara sit i stolen. – Uff, eg har ikkje vore til tannlegen på fire år. Då gjekk eg fordi eg hadde høyrt at det var vanleg å få hol i tennene i samband med graviditet. No har eg mista ei fylling. Uff, no må eg vel bora! Eg skulle heller ha fødd to ungar til, spøker Odda-jenta, som er omgangsven med Kalle og sambuaren hans.

– Så du likar ikkje tannlegen?

– Eg likar tannlegen min, men eg likar ikkje å gå til han, smiler ho, medan Kalle gjer klar til røntgen.

Bileta lyg ikkje. Det stemmer at Kjersti har mista ei fylling. I tillegg avslører han eit aldri så lite hol. Han pirkar med sonden. Kikkar i spegelen. Bles luft så det isar i tanna. Ein må ta det vonde med det gode, heiter det. Ordtaket gjeld ikkje i tannlegestolen. Her skal det vonde fordrivast med det vonde.

– Bedøving?

– Ja, takk!

Tannlegen stikk nåla i tannkjøttet. – Bedøvinga slår av nerva slik at du ikkje kjenner noko framme, forklarar han.

– No startar eg å bora. Berre sei frå viss det gjer vondt!

Pasienten kryssar ikkje fingrane. Ho kryssar beina. Legg den eine foten over den andre. Så sveivar han i gang turbinboren. Med ein halv million omdreiingar i minuttet fjernar han dei Kariusane & Baktusane som er i tanna, og fyller med kompositt.

EIT HOL SEINARE • – Viss vi skal ta det andre holet også, må du klara deg utan bedøving. – Ja, vi får prøva, svarar Kjersti. Så er det same runden på nytt. Boring. Fylling. Fylling. Og pussing. – No kan du skylla munnen! Kjersti Haara pustar letta ut. Det var jo ikkje så galt som ho hadde trudd. Kanskje tannlegeskrekken er i ferd med å forsvinna.

– Kor lenge varer bedøvinga?

– Det går tre timar!

– Eg blir vel ikkje god å kyssa i kveld då! konstaterer Kjersti og skrattler.

Sa ho kyssa? Barndomsminna rullar opp i bakhovudet. Trond-Viggo Torgersen har levert den einaste fullstendige og sanne skildringa av samanhengen mellom tannhygiene og kyssing:

Puss, puss, så får du en suss.
Puss, så får du en suss!
Hver eneste tann
med børste og vann.
Puss, så får du en suss!

HEIM, KJÆRE HEIM • Pizzaeimen heng tungt over grandiozaheimen på Kokstad. Vesleguten Eivind søv søtt. Sambuaren Beate skvaldrar med ei veninne i telefonen. Kalle er småtrøtt etter ein lang arbeidsdag. Dagen starta i London klokka 0530. Eit par timar seinare tok han av frå Heathrow med kurs for Oslo. Etter ein kort pause på Gardermoen fauk han tur-retur Stockholm. Så førde han den kvite svana til Flesland.

Deretter bar det rett inn til tannklinikken i Bergen sentrum. – Det er unntaket at eg både flyr og jobbar som tannlege på ein og same dag. Eg har 75 prosent stilling i SAS. I friperiodane er eg tannlege – to dagar i veka i snitt.

– Du har litt av ein yrkeskombinasjon; flygar og tannlege. Finst det andre som kan smykka seg med slike titlar i telefonkatalogen?

– Eg veit ikkje om andre tannlegar i selskapet, men vi har ein lege og ein sivilingeniør blant flygarane.

Klokka nærmar seg midnatt. Flygaren og tannlegen inntar horisontalen. Han må vera utsoven. Ein ny dag ventar. Nye tenner skal pussast. Rotfyllast. Eller trekkast. Nye passasjerar skal førast trygt til London. Til Athen. Til Stockholm. Til Roma. Eller rett og slett heim til Bergen.

Tekst og foto: Bjørn Borge

 

Denne reportasjen har tidligere stått på trykk i Hardanger Folkeblad.