To forskingsprosjekt innan tannhelse får til saman 13,5 millionar

Vestland fylkeskommune skriver: Dei tverrfaglege forskingsprosjekta «Barn i risiko og oral helse», og «Karies-fedmeforebygging hos barn ved endring i risikoatferd blant foreldre med innvandrarbakgrunn» er tildela til saman 13,5 millionar kroner frå Norges forskingsråd (NFR). Forskingsprosjekta er initiert og leia ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland.

Forskingsprosjektet «Barn i risiko og oral helse» fekk tildelt sju millionar og forskingsprosjektet «Karies-fedmeforebygging hos barn ved endring i risikoatferd blant foreldre med innvandrerbakgrunn» fekk tildelt 6,5 millionar frå Norges Forskningsråd i desember 2021, fordelt over fire år.

– Midlane gjev oss moglegheiter til å skaffa ny tverrfagleg kunnskap og kompetanse som me elles ikkje ville hatt, og me ser fram til fira spanande år, seier prosjektleiarane Ingfrid Vaksdal Brattabø, Karin Goplerud Berge og Manal Mustafa .

Prosjekt Barn i risiko og oral helse

– Me gler oss til ta fatt på viktige forskings-, utvikling- og innovasjonsoppgåver til beste for barn i risiko seier Ingfrid Vaksdal Brattabø.

Traumatiske opplevingar i barne og ungdomsåra kan få alvorlege og livslange fylgjer og barn utsett for ei eller fleire former for vald, overgrep og/eller vanskjøtsel har auka risiko for å få utviklingsforstyrringar, samt alvorlege psykiske og fysiske lidingar. Utsette barn har og større risiko for å ha nedsett oral helse med eit stort tannbehandlingsbehov. Dei har ofte manglande oppmøte hjå tannhelsetenesta, og dei er utsett for å utvikla tannbehandlingsvegring og/eller odontofobi.

For å hindra og redusera konsekvensane av vald, overgrep og/eller vanskjøtsel er førebygging, tidleg avdekking og oppfylging viktig.

arbeid med å førebygga, avdekka og ivareta barn og unge som er utsett for vald, overgrep og vanskjøtsel.

Mellom anna skal informasjon frå ein nasjonal studie blant tannhelsepersonell i Noreg og ein nasjonal studie blant barnetannlegar i USA, samt utvikling og evaluering av eit kunnskapsbasert opplæringsprogram, bidra til auka kunnskap og kompetanse knytt til utsette born og deira orale helse. I tillegg skal det bidra til å styrke tverrfagleg samhandling til beste for barn i risiko.

Forebygging av karies og fedme hos foreldre med innvandrerbakgrunn

Det andre prosjektet hos TkVestland som har fått millionstøtte frå Forskingsrådet er «Karies-fedmeforebygging hos barn ved å modifisere risikoatferd blant foreldre med innvandrerbakgrunn-COP-studie». 

– Tildelinga gjør det mulig å utføre mer forskningsarbeid med formål om å forbedre innvandrernes helse, munnhelse, og livskvalitet, seier prosjektleiar Manal Mustafa ved TkVestland.

Dårleg kommunikasjon?

Innvandrarbefolkninga utgjer 18,2 prosent av heile befolkninga i Noreg. Eksisterande helseforskjellar har vore rapportert, og innvandrarstatus har vore assosiert med høg forekomst av karies og fedme.

– Dårleg kommunikasjon grunna etniske og kulturelle faktorar er mogelege årsaker til at førebyggande tiltak ikkje har same effekt blant innvandrarbarn som blant norske barn. Det er behov for forskingsbasert kunnskap om sosiale, psykososiale og kognitive faktorar, seier Manal Mustafa. 

Skal auke foreldra sine kunnskapar om barna si helse

Hovudmålet med dette prosjektet er å vurdere kunnskap, haldningar og åtferd relatert til helse og tannhelse blant innvandrarforeldre med nyfødte barn på 0-3 månadar. I prosjektet skal det utviklast og gjennomførast eit intervensjonsprogram der hensikta er å auke forelderen sine kunnskapar om barna si helse/orale helse og evaluere effekten på barna sin kariesstatus og kroppsvekt.