Kva døde folk av i Noreg og Sverige før og under pandemien?

Folkehelseinstituttet har no samanlikna tal frå dei norske og svenske dødsårsaksregistera sidan 2010. Det er fleire interessante skilnader.

Den 10. juni publiserte både dødsårsaks­registera i Noreg og Sverige sine årsstatistikkar for 2020. Dødsårsaksregisteret i Folkehelse­instituttet har no gjort ei førebels samanlikning av ulike dødsårsaker i dei to landa sidan 2010.

– Talet på døde i Noreg i pandemiåret 2020 var som forventa, men i Sverige var det 6,8 prosent fleire dødsfall enn ein elles kunne rekne med. Når det gjeld utviklinga mellom 2010 og 2019, blei kreft og lungesjukdommar oftare innrapporterte som underliggande dødsårsak i Noreg samanlikna med Sverige, men hjarte- og karsjukdommar sjeldnare, seier overlege Guttorm Raknes i Dødsårsaks­registeret i Folkehelseinstituttet.

Sverige hadde 9441 covid-19-dødsfall i 2020, og Noreg 412. Ved å samanlikne med trenden i dødsratar mellom 2010 og 2019, var det nesten 7000 fleire dødsfall enn forventa i Sverige.  

For lungesjukdommar var det færre dødsfall enn forventa i begge landa i 2020. Færre luftvegsinfeksjonar på grunn av effektive smitteverntiltak er ei sannsynleg forklaring. I Sverige er det dessutan grunn til å mistenke at nedgangen delvis skuldast at ein del av dei som elles ville død av lungesjukdommar vart registrerte med covid-19 som underliggande dødsårsak.

Elles ser det ikkje ut til at pandemien eller smitteverntiltaka har påverka andre store dødsårsaksgrupper i vesentleg grad.

– Ratane er overraskande like for totaldødelighet og for mange av dødsårsakene i dei to landa, men det er tydelege skilnader mellom landa for store dødsårsaksgrupper som kreft, lungesjukdommar og hjarte- og karsjukdommar, seier Guttorm Raknes.

Dette er skilnadene i dei aldersstandardiserte dødsratane for desse store dødsårsaksgruppene: Fleire er meldt døde av kreft og lungesjukdommar i Noreg enn i Sverige. Færre er meldt døde av hjarte- og karsjukdommar i Noreg enn i Sverige.

– Vi kan ikkje utan vidare slå fast at fleire dør av kreft og lungesjukdommar, og færre av hjarte- og karsjukdommar i Noreg enn i Sverige.

Totaldødelighet, det vil seie summen av alle dei ulike dødsårsakene, er omtrent lik.

– Det kan vere eit teikn på at det er systematiske skilnader i kva som blir innrapportert, meir enn faktiske skilnader i kva dei døde av, understrekar han.

Raknes seier det kan vere ulike tradisjonar for kva for diagnose legane brukar i døds­meldingane. Svært mange  av dei som dør er gamle og skrøpelege personar med mange kroniske sjukdommar samstundes, og det er ikkje alltid lett å avgjere kva som er den viktigaste dødsårsaka.

– Kanskje har svenske legar ein større tendens til å rapportere hjartesjukdom enn lungesjukdom som dødsårsak hos ein pasient som hadde begge tilstandane? spør overlegen ved det norske Dødsårsaksregisteret.

Raknes seier at ein no vil ta kontakt med dei andre dødsårsaksregistra i Norden i håp om å få undersøkt nærare kva som ligg bak skilnadene i dødsårsaker