Siste kommentar til Strøm og Leknes sin kasuistikk i Tidende nr. 11, 2017:

«Kan okklusal overbelastning føre til tap av osseointegrasjon etter vellykket implantatinnsettting?»

Takk til Strøm og Leknes for deira gode kommentar. Dog er det er ein subtil måte å avslutte ein diskusjon på med å sei at vi egentleg er einige i det meste. Eg er faktisk heilt ueinig i deira vurdering av kasuistikken dei publiserte. Likevel prøvde eg å dra diskusjonen over på ein prinsipiell diskusjon om fenomenet overbelastning. Der kan vi godt vere einige om at der er mykje usikkheit. Eg kan godt avslutte diskusjonen, men vil utrykke ueinighet i deira vurdering av det presenterte kasus. Det er feilplassert implantat, svært uheldig protetisk konstruksjon, og med ei tann utan okklusjons- eller artikulasjonskontakt er overbelastning som forklaring på tap av osseointegrasjon rett og slett eit skudd i natta.

Og då kan eg avslutte diskusjonen!

HaraldGjengedal 

Førsteamanuensis, Institutt for klinisk odontologi , Det medisinske fakultet, UiB Harald.Gjengedal@uib.no