logo: tannlegetidene

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2020 / 8 / Nesten åtti prosent av komande tannlegestudentar er kvinner

Nesten åtti prosent av komande tannlegestudentar er kvinner

662

I Bergen og Tromsø er åtte av ti av dei som har fått tilbod om studieplass på tannlegestudiar kvinner, skriv Khrono i august. Også for medisin og psykologi er kvinner i klart fleirtal.

Det er totalt fleire kvinner enn menn som søkjer, og får, studieplass for høgare utdanning. Fordelinga er omlag 60–40.

– Eit nasjonalt problem, seier Pål Barkvoll, dekan ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO), der det er 85 kvinner og 27 menn som har fått tilbod om studieplass.

– Dei mest populære helsefaga får ein skeiv kjønnsbalanse. Det ser ut til at kvinnene er best kvalifisert, men dei er òg i klart fleirtal når ein ser på kven som søkjer, seier Barkvoll.

Ved UiB er Pål Bakke dekan ved Det medisinske fakultetet. Han meiner tida er inne for å sjå på kjønnskvotering.

– God kjønnsbalanse er bra, og det hadde vore ein fordel dersom kjønnsbalansen var jamnare. For særleg tannlege meiner eg det er så få mannlege studentar no at ein bør sjå på kvotering, seier Bakke.

Ei kvotering av mannlege søkjarar har vore debattert tidlegare, og for nokre år sidan bestemte Kunnskapsdepartementet (KD) at mannlege søkjarar til profesjonsstudiet i psykologi kan få eitt tilleggspoeng.

KD opplyser i ein epost til Khrono at det må vera mindre enn tjue prosent av det eine kjønnet for at ein skal kunne innføra kjønnspoeng. Den einskilde institusjonen må sjølv søkja, og ein må oppgi kva andre tiltak som har vorte prøvd ut. Ein kan få tildela kjønnspoeng i fem år, og må òg seia noko om kva effekt ein ventar seg.

For psykologi er det no om lag 25 prosent mannlege studentar ved UiO og UiB, medan det ved NTNU framleis er nesten 80 prosent kvinnelege studentar som har fått tilbod om studieplass.

UiB har tidlegare søkt om å få innføra ein kvote for mannlege søkjarar på medisin og odontologi, men fått nei.. Legeforeningen har òg diskutert saka, og gått inn for kvote for mannlege søkjarar.

Barkvoll er ikkje sikker på om det er kjønnspoeng som er det beste tiltaket.

– Kanskje ein kan ha det som ei overgangsordning. Men eg meiner at ein må sjå på heile skuleløpet, og sjå på om det er mest tilrettelagt for jenter. Mi røynsle med eigne barn er at det truleg er det, seier professoren.

Han seier at både kjønnspoeng, opptaksprøve og ulike marknadsføringstiltak retta mot gutar har vore diskutert.

– Men me må òg sjå på dei faga kvinner tradisjonelt er i fleirtal på, som sjukepleiar, tannpleiar og fysioterapeut. Ei god kjønnsfordeling er det beste, både for studentane og for pasientane, seier Barkvoll.

Per Bakke har tidlegare tatt til orde for at ordninga med alderspoeng bør fjernast.

– Det er ein nesten bortkasta ressurs for samfunnet at ein tek opp att fag frå vidaregåande skule. Det burde vera slik at universitetsfag kunne telja. Dersom ein ikkje kom inn på til dømes medisinstudiet hadde ein i alle fall tileigna seg noko ein kunne bruka i ein annan samanheng, har han tidlegare sagt til Khrono.

Han meiner ein må kunne vurdera andre ting eller meir enn karakterar frå vidaregåande når ein skal sjå på kven som er kvalifiserte for å koma inn, men seier samstundes at det vil krevja eit stort apparat dersom ein til dømes skal testa kandidatar.

Dagens Næringsliv (DN) skriv at medisin og odontologi er faga der andelen kvinnelege studentar har auka mest om ein ser attende til 2007. DN skriv òg at ved UiO var det berre 36 prosent menn blant studentane på rettsvitskap. Ved UiB er det endå færre menn: 31 prosent. Jussprofessor Geir Woxholth er uroa.

– Ein bør ikkje som første verkemiddel gripa til drastiske tiltak som for eksempel kvotering. Eg tenkjer at ein kanskje bør starta med å undersøka nærare kvifor det har vorte slik det er. At noko bør gjerast, meiner eg er openbert, seier Woxholth til DN, ifølgje artikkelen til Khrono.

Fakta

Institusjon

Medisin

Odontologi

Psykologi

Farmasi

UiB

77

80

69

72

NTNU

71

79

UiO

72

75

76

73

UiT

69

80

69

75

Tal frå Samordna opptak

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.