logo: tannlegetidene

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2019 / 4 / Ny forskingsklinikk ved Institutt for klinisk odontologi

Ny forskingsklinikk ved Institutt for klinisk odontologi

Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo opna i mars sin eigen forskingsklinikk. Klinikken har allereie vore brukt til klinisk forskning, mellom anna på munntørrheit.

Instituttleiar Jan Eirik Elllingsen snakka om kor viktig det er å drive klinisk forsking.

Instituttleiar Jan Eirik Ellingsen snakka ved opninga om kor viktig det er å drive klinisk forsking:

- Kliniske studiar fører ofte til nye prosedyrar for behandling. I klinisk forsking kan me utvikle og etterprøve prosedyrar, og på den måten dokumentere effekten av behandlinga som seinare vert tilbydd til pasientane.

Allereie brukt til klinisk forsking på munntørrheit

Eit forskingsprosjekt i regi av Munntørrhetklinikken har allereie teke i bruk den nye forskingsklinikken. Dei har nettopp avslutta ei undersøking i samarbeid med Oslo universitetssjukehus, der dei undersøkte slimhinner, tenner, spyttsekresjon og smak og luktfunksjon hos 30 pasientar som er ramma av hovud- og halskreft. Ein del av behandlinga av denne krefttypen er stråling, og strålinga treff òg spyttkjertlane. Dette kan øydelegge kjertlane, og føre til munntørrheit. Resultata vil verte samanlikna med forholda hjå pasientar med Sjøgrens syndrom, og forholda hjå friske personar.

Strengare krav til forskinga

Det er eit mål for fakultetet å gjere meir klinisk forsking, seier Ellingsen, og føresetnadene er på plass.

- Me har kompetanse både på forsking og klinisk arbeid. Me har vårt eige kliniske forskingslaboratorium, der me kan gjennomføre ei rekkje analysar av prøvar frå dei kliniske studiane, og me har landets største odontologiske klinikk med 50 000 pasientbesøk i året.

- Samtidig vert krava til denne type forsking strengare. Mange av dei beste vitskaplege tidsskrifta vurderer ikkje artiklar som ikkje er utførte i tråd med nye standardar for klinisk forsking, og med mindre forskinga er registrert i internasjonale forskingsregister. Desse registra stiller òg krav til korleis forskinga skal vere utført.

- Med den nye klinikken har me fått på plass fasilitetar som er i tråd med retningslinjer for klinisk forsking, avsluttar instituttleiar Ellingsen.

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.