logo: tannlegetidene

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2015 / 2 / Mandibular Suction Effective Denture AND BPS: A complete guide

Mandibular Suction Effective Denture AND BPS: A complete guide

4 steps from start to finish
Nydeleg bok med gammalt innhald Jiro Abe, Kyoko Kokubo and Koji Sato:

Denne japanske boka er ei lærebok i ein spesiell teknikk for framstilling av heilprotese og er tufta på prinsippet om BPS: Biofunksjonelt Protetisk System.

Boka startar med å forklare det biofunksjonelle protetiske system (BPS) som er delt inn i fire fasar; fase 1 med undersøking, preliminært dobbel avtrykk med Accu-Dent System og preliminær bittregistering med Centric Tray. Fase 2 er funksjonsavtrykk, bittregistrering med Gnathometer M, ansiktsbueregistrering med Universal Transferbow System (UTS) og montering i Stratos artikulator. Fase 3 er innprøving og fase 4 er utlevering. Alt utstyr og material i BPS prosedyren er levert av Ivoclar Vivadent.

Del to i boka tar nokså grundig for seg korleis proteseutforminga må tilpassast for å få god «sug-effekt» (suction mechanism). Særleg er «sug-effekta» for underkjeveprotesar rikt illustrert.

Del tre utgjer største delen i boka med 135 sider og viser godt detaljert behandlinga gjennom dei fire fasane i BPS-prinsippet. Denne delen av boka er mest utforma som ein manual med lite tekst og mengder med foto/illustrasjonar.

Del fire ser på avtrykksmetodar og proteseutformingar ved vanskelege og til dels manglande kjevekammar. Del fem tar for seg estetiske utfordringar sett i relasjon til pasienten sine forventingar. Til slutt i boka er der ei kort referanseliste med hovudsakleg japanske referansar.

Framstilling av tradisjonelle heilprotesar er kanskje den eldste protetiske behandlinga vi har, men samtidig den som er minst evidensbasert. Det har ført til at det opp gjennom tidene har versert ulike filosofiar for framstilling av heilprotesar med varierande bruk av til dels avanserte metodar og apparatur. Den skandinaviske måten å lage heilprotesar på er monaleg enklare enn omtalt i denne boka, og når vi no har implantatretinerte dekkprotesar som eit reelt behandlingsalternativ har BPS og Suction-Effect mindre for seg.

Boka har mjukt omslag og inneheld fem hovudavsnitt med totalt 11 kapittel. Alle kapittel er rikt illustrert med foto og teikningar. I typisk Quintessence-tradisjon har boka ein flott layout og ypperleg kvalitet på alle foto. Kvart kapittel er fargekoda og det gjer boka lett å finne fram i.

Boka kan ikkje anbefalast som generell lærebok for framstilling av heilprotesar, til det ligg den for langt borte frå den skandinaviske metode for proteseframstilling. Derimot kan boka anbefalast til kollegaer som vil ha fantastisk flotte bilde og illustrasjonar av anatomiske strukturar, proteseunderlag og ferdige protesar.

Tokyo: Quintessence Publishing 2012, 291 sider. ISBN 978-4-7812-0260-0 C3047

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.