logo: tannlegetidene

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2008 / 8 / Minneord

Minneord

Fra Harald Ulvestad har vi fått tilsendt dette minneordet over en ikke navngitt kollega, skrevet av Vidar Parr og trykket i lokalavisen Synste Møre på Ytre Sunnmøre.

Eg såg for ei tid sidan ei dødsannonse. Eg les jamt slike. Det er kanskje eit aldersdomsteikn? I alle fall – eg la merke til eit namn eg meinte å hugse under den vesle, svarte krossen. Ikkje slik at det var ein nær slektning eller bekjent. Han var ikkje ein del av mitt nettverk, for å seie det i dagsaktuell språkbruk. Langt derifrå. Om nokon hadde spurt han kven eg var, hadde han venteleg ikkje visst det. Likevel kom denne kjensla som går gjennom ein når ein ser at folk som har sett eit lite merke i eins liv, har gått bort. Skal vi kalle det vemod? Kanskje takksemd? Eller er det vørnad vi kjenner? Eg veit ikkje kva ord som er best å nytte.

I sitt yrkesaktive liv var han tannlækjar, denne mannen. Og, som de sikkert alt har forstått: Eg var pasient. Ein ung og forskremd pasient – åleine i den store byen med ein tanngard som langt frå var utan plett og lyte. Tvert om søkte tungespissen – sjølv om eg iherdig prøvde late det vere – mot krater i bakre rekkjer av tanngarden. No var oppgjeret sin dag komen. Komen til byen på ti-bussen, og etter at dønningane frå bilsykja hadde lagt seg, leita meg fram til tannlækjarkontoret saman med to, tre andre i same ærend. Vore tøff i kjeften på veg opp gjennom trappene. Søsa på venterommet. Så gjekk døra opp: Versågod neste!

Forvandlinga inntraff på ein augneblink. For den neste var eg – ein forskremd liten gut med bankande hjarte. Ein liten gut som skulle ha gjeve kva det skulle vere for at mor eller far hadde gått bakvegen og no – heilt uventa – stod der i rommet då eg kom inn. Dei kunne sjølvsagt ikkje ha gått hovudinngangen saman med meg og venene. Det hadde vore for pinleg! Ha med seg foreldre til tannlækjar i vår alder! Nei, veit du kva! Storskulegut og alt! Hadde dei berre vore her!

Dama som hadde opna døra, viste meg stolen og knytte på meg den obligatoriske smikka. Ho sa lite, men smilte. Eg greidde ikkje å smile tilbake under dette førebuande ritualet. Eg hadde nok med å prøve å skjule kor redd eg var.

Så kom han. Den nye tannlækjaren. Han hadde vaska hendene sine og no tørka han dei med ei litt utstudert rørsle samstundes som han såg på trafikken og folkelivet gjennom glaset. Og han vende seg mot meg med eit andlet eg aldri gløymer. Eit mildt andlet. Eit godt andlet. Han såg ut til å ha tid. Snakka roleg og spurde meg om det eine og andre som hadde lite og inkje med tenner å gjere. Spøkte og lo. Gradvis kjende eg stolen under baken. Til no hadde eg stort sett berre vore i kontakt med underlaget via hælane og bakhovudet.

Her sat eg altså og møtte ein framand, vaksen mann som hadde både vit og forstand til å sjå den vesle, redde guten som budde inne i han som sat i stolen – dømd til å vere stor. Han hadde kanskje lært det ein stad. Kva veit eg. Men eg trur eigentleg ikkje det. Eg trur rett og slett han var slik.

Det hende vel i åra som kom at eitt og anna vondt skjedde også i denne stolen. Men frykta, den lammande frykta, var borte. Eg gledde meg ikkje til å fare til tannlækjar. Det kjem eg nok aldri til å gjere. Men eg såg fram til å møte denne mannen. Denne snille mannen.

Snille folk vert det aldri for mange av. No er det ein mindre.

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.