53e23350c9ce004b04960f26_tannlegetidene_logo.png

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2018 / 8 / Ragnar Nielsen

Ragnar Nielsen

Foto: privat.

Det var vemodig å lese i Aftenposten 6. juli at Oslo-tannlegen Ragnar Nielsen «sovnet fredfullt inn på Bekkelagshjemmet» 3. juli, 101 år gammal.

Det var i 1971 eg første gang møtte Ragnar da vi var undervegs i sykkelrittet «Den store styrkeprøven» Trondheim - Oslo. Eg sykla så - i lange strekk - i lag med Ragnar 21 av dei 27 gangene han sykla «Styrkeprøven». Ragnar slo gjerne opp sitt telt nær Nidarosdomen for den siste overnatting før starten derifrå tidleg lørdag.

Ragnars lyse sinn, gode humør, hans oppmuntrande ord, var imponerande. Hans hjelpsame sosiale framferd gjorde inntrykk. Dette gav etterkvart Ragnar legendarisk ry blant oss andre som deltok.

Seig og viljesterk var Ragnar, ikkje så rask på sin sykkel: «Sett heller ned farten, ha det hyggeleg i lag med dei andre, ikkje gi deg, men kom deg i mål» var hans råd. Ragnar gjorde sykkeldøgnet frå Trondheim til Oslo til eit kurs i livsvisdom. Slik var han også i dei mange skirenn vi var med på: «Grenaderløpet», «7-mila», «Birken», ein gang også «Saftsit Grand Prix». Han var ein ivrig mosjonist, heldt seg i form året rundt: Til fots, på ski, på sykkel.

Det var far hans som tidleg lærte Ragnar å bli glad i naturen. Det skulle sterkt prege hans lange liv. Han vart ein foregangsmann i å fremme friluftsliv som ein familieaktivitet der alle er med - campingliv, fotturar frå hytte til hytte i Jotunheimen m.m. I boka «Glad i fjellet» har Per Hohle eit kapittel om Ragnar som «Multejeger og gledesspreder». I boka «Birken - historien om det seige slitet» omtaler Thor Gotaas Ragnar Nielsen.

Ja, alle som kjente Ragnar Nielsen, opplevde han som gledesspreder, den omsorgsfulle optimisten som kombinerte dette med det trufaste, seige slitet. Dette var grunnlaget for hans åpne, kontaktskapande livsstil i møte med oss andre.

Eg kjente fleire av hans kull-kameratar på Tannlegehøgskolen. Alle hadde gode minner og gode ord om Ragnars faste, sindige framferd den vonde tida dei sat saman i krigsfangenskap i Tyskland 1943 - 45.

Ragnar var født i Bærum. Faren var jernbanemann, stasjonsmester på Stai, så på Tangen. Ragnar tok artium på Oslo Katedralskole. Etter sine dramatiske studieår, var han ferdig tannlege i 1946. Han var så skoletannlege i Lofoten, der han fann sin kjære ektefelle Hjørdis. Frå 1949 hadde han sin tannlegepraksis i Oslo til han var 76 år. Dit sykla han året rundt. Ragnar var ein dyktig tannlege.

Kort sagt: Ein hedersmann har gått bort. Vi var alle glad i han. Vi hadde stor respekt for Ragnar Nielsen, enten vi var hans kolleger, venner eller pasientar.

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.