53e23350c9ce004b04960f26_tannlegetidene_logo.png

Thank you! Your submission has been received!

Oops! Something went wrong while submitting the form :(

Hjem / Utgaver / 2017 / 6 / Sommarsolsnu og høgsommar

Sommarsolsnu og høgsommar

Av tannlege Johnny Grøthe

Sommarsolsnu 21. juni vart i gamle dagar feira som midtsommarblot.

Mykje av tradisjonane omkring sommarsolsnu er smelta saman med jonsokkvelden og jonsokdagen (jønsøk i hallingdialekt) som har ei sol som primstavmerke. Jonsok eller Jons-vok (også kalla St. Hans) har sitt namn etter apostelen Johannes som fekk sin fødedag lagt til denne dagen, eit halvt år før fødedagen til Jesus. Ordsammansettinga med «vok» kjem av vaka, halde våkenatt. På denne lysaste dagen i året var alle hekser og vonde vette ute. Ein skulle ikkje leggja seg jonsoknatta. Ville ein likevel gjera det, skulle det vera på låven eller i ei lauvhytte. Jonsoknatta vert enno feira med bål og eld. Tradisjonane knytta til jonsok er meir av det folkelege og førkristelege slaget enn kyrkjelege. Den sterke folkelege feiringa irriterte pietistiske krefter på 1700-talet så mykje at dagen vart prøvd avskaffa som heilagdag slik den då var.

På sjølve augneblinken for sommarsolsnu ville vatn verta til vin, så til eddik og deretter til vatn att. Dette gjekk svært fort, men likevel måtte ikkje tøy vaskast for eddiken ville løyse opp kleda.

Primstav eller rimstav er en flat, stavformet kalender laget i trevirke. Primstaven stammer trolig fra den enda eldre runekalenderen, som er kjent siden 1200-tallet, men godt kan være enda eldre. Primstaven var i bruk til det ble vanlig med trykte almanakker. Sommersiden gjelder fra 14. april til 13. oktober. Vintersiden fra 14. oktober til 13. april. Foto: DigitaltMuseum.

Viktigaste høgtida i sommarhalvåret

Jonsok var den viktigaste høgtida i sommarhalvåret og også den viktigaste merkedagen. Dogg samla jonsoknatta skulle ha stor kraft og skulle mellom anna kunne gjera blinde sjåande att. Fordi spirande lauv kunne verna mot dei underjordiske, vart det pynta med lauv både inne i husa og hjå husdyra. Husdyr som fekk eta planter plukka ved midnatt, ville halde seg friske heile året. Lækjande planter og trylleurter for heile året skulle sankast jonsoknatta. På gardane var dagen ein kviledag; det passa bra fordi såkornet var kome i jorda, og slåttonna enno ikkje hadde byrja.

Høgsommar

I norrøn tid vart perioden 13. juni - 12. juli kalla solmånad og månadsperioden etterpå for heyonnir. Dette går dels att i den fyrste tida primstaven vart brukt, juli heitte då høymånad og juni skjærsommar.

syftesokdagen (syfte = rense) 2. juli skulle åkrane rensast for ugras. I rekkja av heidenske åsatru-bålfestar var festen på syftesokkvelden 1. juli årets siste. Syftesokbålet var ei ofring til ånda i treet med bøn om at all vegetasjon måtte leva vidare Ved ofringa batt dei lange remser av brisk og lyng fast til ein stokk med «armar» og sette den på toppen av syftesokbålet.

No kunne slåttonna ta til, men andre stader markerte knutsok 10. juli starten på slåttonna. På denne dagen er primstavmerket ein ljå. Ein eller to dager seinare var merket ei rive, Kari med riva.

I gamal norsk tidsrekning var midtsommnar 14. juli. Ein eldgamal skikk var å halde ei slektsmønstring på denne dagen. Alle i slekta gjekk fram til den fremste i slekta, og han skar eit merke i ætta si talstokk for kvar som var i live. Ved hjelp av urter skulle dei prøve å få vita korleis det skulle gå i livet.

Dagen, som ligg midtvegs i sommarhalvåret, var ein festdag med leik og dans, ofte på stølane. Primstavmerket er eit tre med sol over. No var slåtten i full gang, og både Mari Vassause, 20. juli, og Jakob Våthatt, 25. juli, var viktige merkedagar for vêret - med otte for regn i slåtten. Åker og eng måtte ikkje rørast på Mari Vassause-dagen, det ville gje ulykke.

Olsok

Olsokdagen 29. juli var til minne om Heilag-Olav (St. Olav) og slaget på Stiklestad i 1030. Merket var ei øks, St. Olavs stridsøks. Løva i det norske riksvåpenet held Olavs øks i framlabbane. Olsokbål var vanleg.

Vesle olsok, 3. august, har ei mindre øks som merke, det var til minne om opptakinga av St. Olavs lik, det vart på denne dagen i 1031 lagt i innvigd jord i Klemenskyrkja, og Olav vart erklært helgen.

Del artikkelen
Se Tannlegetidende sine retningslinjer for kommentarer.